Karlovy Vary okres er eit distrikt (tsjekkisk okres, fleirtal okresy) i regionen Karlovy Vary kraj i Tsjekkia. Det ligg aust i regionen og grenser i aust mot Ústí nad Labem kraj, i sør mot Plzeň kraj med ei kort grense mot Tyskland i nord.

Administrativ inndeling Distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, men dei har framleis ein funksjon for aktivitetane til ulike etatar og for statistiske føremål. Det administrative ansvaret til distrikta vart ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP).

Dei administrative områda til kommunar med utvida fullmakter i Karlovy Vary okres:

Karlovy Vary SO Ostrov SO

Folketal i distriktet Folketalet i distriktet i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Karlovy Vary SO 90 333 86 099 81 840 Ostrov SO 28 536 29 316 26 865 Karlovy Vary okres 118 869 115 415 108 705

Byar i distriktet Tabellen viser bykommunane i distriktet. Bykommunar med utvida fullmakter er utheva. By Folketal 2021 Karlovy Vary 44 323 Ostrov 16 671 Nejdek 7 601 Nová Role 4 046 Toužim 3 457 Jáchymov 2 207 Žlutice 2 158 Hroznětín 2 015 Bochov 1 818 Bečov nad Teplou 909 Abertamy 813 Chyše 552 Krásné Údolí 379 Horní Blatná 349 Boží Dar 201

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Karlovy Vary Karlovy Vary