mini|portrett|Eit rotskot. mini|Ettervekst med osp som har spreidd seg gjennom rotskot. Rotskot er planteskot som veks ut frå høgtliggande røter. Dei kan danna nye plantar når dei unge skota veks til og dannar sitt eige bladsystem. Dei nye plantane er berre tilsynelatande sjølvstendige individ, for dei har same arveanlegg som morplanten. Slik kan rotskot byggja opp ein flatedekkande klone. Det er spesielt under ugunstige tilhøve (sterk skugge, skadedyråtak, mekanisk skade osb.) at plantane kan drivast til denne typen vegetativ formeiring.
Det same fenomenet finst endå oftare hjå fleirårige urter, staudane. Velkjende eksempel er kveke, takrøyr, kanadagullris, gulldusk, kvitveis, krypjonsokkoll og liljekonvall.
Rekordar Ei gruppe på 47 000 amerikanske ospetre (Populus tremuloides) danna gjennom rotskot, kjend som Pando, som står i Wasatch Mountains i Utah i USA, blir ofte rekna som verdas største organisme etter vekt. Han dekkjer kring 43 hektar. Den einaste kjende planta av arten Lomatia tasmanica frå Tasmania er ein klonkoloni som blir rekna for å vera 43.600 år gammal.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rodskud» frå , den 12. september 2026.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Botanikk