mini|Tohols holemaskin Holemaskin er ei innretning som kan laga hol i papirark, slik at arket kan samlast i til dømes ein ringperm.

Holplasseringa varierer frå land til land, avhengig av kva standard som fint for ringpermar, og maskinane kan setja alt frå eitt til fire hol. Holemaskinar som lagar fleire hol plasserer dei symmetrisk om midten av den eine sida av arket.

I Noreg nyttar ein standarden ISO 838 nytta. To hol med diameter 6±0,5 mm blir plasserte 80±0,5mm frå kvarandre og 12±1 mm frå kanten av arket.   ISO 838 blir nytta i dei fleste europeiske landa, men ikkje i Sverige, og heller ikkje i Nord-Amerika.

Ei 4-hols utviding av ISO 838, som ikkje er spesifisert i sjølve standarden, er òg vanleg for å gje ei meir stabil innbinding. Denne holplasseringa blir ofte kalla for 888, sidan dei tre holavstandane alle er 8 cm.  Ein del holemaskiner tilpassa ISO 838 har ein markering som gjer det mogleg å nytta dei for 888-systemet, ved at ein lager 2 + 2 hol i arket. Fireholspermar blir brukt m.a. til permar for tryggleiksinformasjon som HMS og brannberedskap, då ark med to hol lettare revnar eller blir utslitne rundt hola ved bruk.

I Sverige blir det brukt eit 4-holsystem som går under namnet triohålning. Dette er ein nasjonal de facto-standard for Sverige. Holavstanden for dei indre hola er 70 mm og dei ytre hola er 21 mm lengre ut. Namnet «triohålning» kjem frå tre oppfinnarar som tok patent på ein ringperm kalla «Triopärmen» i 1890.

I Nord-Amerika blir det nytta eit treholsystem med 108 mm holavstand (4 1/4 tommar) og eit toholsystem med 70 mm holavstand (2 3/4 tommar).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hullemaskin» frå , den 12. september 2026.

Kategori:Kontorrekvisita