Dublin er ein by i delstaten Ohio i USA. Han er ein forstad i Columbus, og ligg i Franklin, Delaware, Union og Madison county. Folketalet ved folketeljinga i 2020 var 49 328. Den årlege festivalen Dublin Irish Festival omtaler seg sjølv som den største tredagars irske festivalen i verda.
Geografi mini|venstre|State Route 161 der han går over Scioto.
Dublin ligg på begge sider av Scioto-elva. I dette området skjer elva og bielvane hennar ut djupe kløfter i kalksteingrunnen, og elvebotnen er steinete. Nokre av bielvane har fossar.
Dublin ligg på Allegheny-platået, og har ein relativt flat topografi. Likevel er det mange ravinar kring bielvane til Scioto, og i nokre område skaper dei steile klipper. Høgdenivået varierer frå 780 fot (240 m) over havnivået der Scioto renn ut av byen ved Hayden Run Road, medan det høgaste punktet er 1000 fot (300 m) ved Glacier Ridge Metro Park.
Historie venstre|mini|Luftfoto av Dublin i mai 1929. mini|Hovudkvarteret til politiet i Dublin.
Urfolk Dei fyrste kjende innbyggjarane i området som skulle bli Dublin i Ohio var frå folkegruppene hopewell, adena, delaware, shawnee og wyandot.
Wyandottane hadde kome til Ohio-området etter å ha blitt sterkt svekka av sjukdom og ein katastrofal krig med dei fem irokesarnasjonene i heimlandet sitt nær Georgian Bay. I 1794 sigra general Anthony Wayne over wyandottane og andre urfolk i Ohiounder slaget ved Fallen Timbers. Dette førte til at wyandottane overgav mesteparten av landet sitt i Ohio gjennom Greenville-traktaten.
Hovding Shateyaronyah, ein viktig leiar som var kjend lokalt som «Leatherlips», hadde skrive under på Greenville-traktaten den 3. august 1795, og oppmuntra til samarbeid med kvite nybyggjarar nær enden av livet sitt. Denne politikken med å gje plass til europearar førte til konflikt med ei rørsle leidd av to shawneebrør, Tecumseh og Tenskwatawa (The Prophet). Tenskwatawa reagerte sterkt mot Leatherlips og dømde han til døden for «trolldom» og å ha gjeve bort heimlandet. Det er meir sannsynleg at dette var fordi han nekta å bli med shawneefolket. I staden for å bryta løftet han gav ved underteikninga i 1795, blei Leatherlips drepen i 1810. Skulpturen Leatherlips i Scioto Park blei laga for å heidra han i 1990.
Etter den amerikanske revolusjonskrigen gav dei amerikanske styresmaktene 2.000 hektar jord langs Scioto-elva til løytnant James Holt for tenesta hans. I 1802 kjøpte Peter og Benjamin Sells frå Huntingdon i Pennsylvania 160 hektar av dette landet til broren sin John. Dette området er no kjent som Historic Dublin.
I 1808 henta John Sells familien sin til regionen, og i 1810 byrja han å måla opp eigedommar til den nye busetnaden med ein forretningspartner, ein ire som heitte John Shields, som kalla opp landsbyen etter fødestaden sin Dublin.
I 1833 omfatta Dublin fleire møller og ein butikk. Han blei inkorporert som by i 1881. Han tente som senter for landbrukarar i området, og også som overnattingsstad for reisande.
I 1970 var Dublin framleis ein liten busetnad med berre 681 innbyggjarar. Byggninga av motorvegen Interstate 270 bidrog til kraftig folkevekst, leidd av plasseringa av hovudkontor for større føretak her, som den kjemiske fabrikken Ashland Inc og Wendy's International. Dublin blei offisielt ein city i 1987.
Næringsliv mini|Hovudkontoret til Cardinal Health. mini|Ein inngang til Wendy's sitt hovudkvarter. Dublin husar hovudkontora til fleire føretak. Det største av desse er helseføretaket Cardinal Health, som var selskapet med den femtande høgaste inntekta av noko amerikansk selskap i 2022. IGS Energy, Stanley Steemer, Wendy's og OCLC har òg hovudkvarter i Dublin. Pacer International, ein større logistikkleverandør, hadde hovudkontor i Dublin fram til det blei kjøpt opp av XPO, Inc. i 2014. OhioHealth har òg betydeleg verksemd i Dublin-området gjennom Dublin Methodist Hospital.
Ifølgje ein rapport frå 2020 var dei største arbeidsgjevarane i byen: #Arbeidsgjevar Tilsette1Cardinal Health4 8002OhioHealth2 0003Dublin City School District1 9514CareWorks Family of Companies1 6225OCLC7506The Wendy’s Company7257Quantum Health6008Fiserv6009Univar Solutions55010Express Scripts500
Kultur mini|Dublin-avdelinga til Columbus Metropolitan Library. mini|Dublin Community Recreation Center
Fleire av parkane i Dublin har unike samlingar av utendørsskulpturar. Dei kom til som ein del av samlinga Art in Public Places, skipa av Dublin Arts Council. I 1988 utvikla dette rådet eit program for å betra livskvaliteten til innbyggjarane og danna ei kunstrute gjennom byen for å tiltrekka seg vitjande. Programmet er sidan blitt nasjonalt anerkjent. Serien omfattar eit fot høgt steinportrett av den lokale legenda Leatherlips, utforma av Ralph Helmick; Field of Corn, ei samling 109 maiskolbar i menneskestorleik av sement i ein åker i Dublin, og eit koparhus som ærer den lokale urfolkskulturen.
Ballantrae Park ligg ved inngangen til bydelen med same namn. På ei høgd her som er 6 meter høg står det ein 4,6 meter høg bronseskulptur kjend som Dancing Hares eller Giant Dancing Rabbits. Det er ei interaktiv leikefontene ved botnen av høgda.
Dublin huser ei avdeling av Columbus Metropolitan Library."Dublin ." Andre bibliotek i nærleiken er Northwest Library og Hilliard-avdelinga."Education & Library Services" (Archive).
Nokre årlege tilstellingar i byen er St. Patrick's Day Parade, The Memorial Tournament, Memorial Day Ceremony, Independence Day Celebration, Dublin Irish Festival (den største 3-dagar lange irske festivalen i verda), Halloween Spooktacular, Veteran's Day Ceremoni og Tree Lighting.
Japanske innbyggjarar Det japanske føretaket Honda etablerte ei verksemd i Marysville i Ohio i 1979. Japanarar byrja å bu i Dublin og andre forstadsområde i staden for Marysville fordi Dublin skipa eit støttesystem for japanarar og forstadsområda tilbaud laurdagsskuler for japanske innbyggjarar. Ved folketeljinga i 2010 budde det 1 071 japanarar i Dublin, 2,6 % av innbyggjarane i byen. I 2011 hadde Dublin den høgaste konsentrasjonen av asiatar av nokon by i Ohio.Zachariah, Holly. I 2013 utgjorde japanarar 20-30 % av innbyggjarane i nokre bydelar. Det finst mange japanske restaurantar her.
Klubbar mini|Muirfield Village Golf Club Byen har fleire golfklubbar:
Muirfield Village Golf Club The Country Club at Muirfield Village Tartan Fields Golf Club The Golf Club of Dublin
Transport Den forstadprega byen blir hovudsakleg vitja med bil. Hovudvegane som tener byen er Interstate 270 (lokalt kjend som «Outerbelt») og State Route 161 vest for krysset hans med 270. I sør går U.S. Route 33 gjennom byen og går saman med 161, mellom ei rundkøyring i sentrum av Dublin og eit kryss nær ein satellittcampus av Ohio University. Dublin Link, ei bru over Scioto for fotgjengarar og syklistar, opna i mars 2020.
Central Ohio Transit Authority (COTA) står for busstenester i delar av byen: Rute 73 til delar av sentrum og Bridge Street District, med ei ekspressrute frå kommersielle område til Columbus sentrum i rushtida.
Utdanning
Heritage College of Osteopathic Medicine, Columbus State Community College, Ohio Dominican University, University of Dayton og Franklin Universitet har avdelingar i byen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dublin, Ohio» frå , den 13. september 2026.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1802 Kategori:Byar i Ohio