ISCTE – IUL (Instituto Universitário de Lisboa) er eit portugisisk offentleg universitetsinstitutt. Det ligg i sentrum av Lisboa, i Cidade Universitária, rett ved (ICS) og (IGOT) og Universitetet i Lisboa. ISCTE vart grunnlagt i 1972, og byrja med tre grader og 296 studentar. Tidlegare heitte institusjonen Instituto Superior de Ciências do Trabalho e da Empresa (på norsk, Det høgare instituttet for forretningsverksemd og arbeidsstudiar). Det fulle namnet vart droppa i 2009 då det vart gjort om til eit universitetsinstitutt.
I 2019 tok Iscte i bruk ein ny visuell identitet for merkevaren sin, med ny logo og grafiske normer, og bytte samstundes namnet til Iscte – Instituto Universitário de Lisboa, eller berre Iscte (skrive såleis, ikkje som eit akronym). I 2022, det året institusjonen feira 50 år, opna Iscte eit nytt senter i Sintra, som byrja med åtte grader.
I dag vert Iscte sett på som eit fullt ut offentleg forskingsuniversitet til tross for det tradisjonelle føremålet, som er spegla i den nasjonale nyhendedekninga om prestasjonen til portugisiske universitet internasjonalt og opne, eksterne vurderingar av internasjonale organisasjonar.
mini|Bilete av Iscte.
Skular ISCTE består av fire skular:
ISCTE Business School (IBS) School of Social and Human Sciences (ECSH) School of Sociology and Public Policy (ESPP) School of Technology and Architecture (ISTA)
Grader Iscte tilbyr bachelor-, master-, integrerte master- og doktorgrader i blant anna antropologi, sosiologi, afrikastudium, historie, sosialpsykologi, statsvitskap, internasjonale studium, byplanlegging, arkitektur, økonomi, finans, leiing, personaladministrasjon, marknadsføring, informatikk og industriell økonomi.
Soge ISCTE vart skipa i Lisboa i 1972 som Instituto Superior de Ciências do Trabalho e da EmpresaISCTE-IUL vart skipa ved Decreto-Lei nº 522/72, of 15 December 1972 (pdf file). med bruk av fakultetet og fasiliteta til Instituto de Estudos Sociais (Institutet for Sosiale studiar, grunnlagt i 1963) som fyrste steg mot eit nytt og innovativt offentleg universitet i Lisboa.
I 1972, det fyrste året av verksemda, var det 296 studentar ved Iscte: 219 i økonomi, 66 i forretningsadministrasjon (på portugisisk, Organização e Gestão de Empresas) og 11 i arbeidsvitskap (Ciências do Trabalho).
Frå byrjinga fekk ISCTE lov til å tilbyda bachelorgrad og lisensiat, som vart gjeven etter å ha fullført fire til fem år med studie som jamnan kravde skriving av ei siste avhandling og som dermed var omtrent lik den gjeldande mastergraden, som vart innført som ein del av Bologna-prosessen. Frå 1983 var ISCTE òg autorisert til å gjeva mastergrader, som var høgare enn den noverande mastergraden i Bologna-prosessen, men likevel lågare enn ein doktorgrad.
Det som skulle verta den fyrste høgskulen til eit aldri fullført større prosjektert universitet (på grunn av nellikrevolusjonen i 1974) vart verande ein ikkje-integrert høgskule/institutt. Denne situasjonen vart regulert i 1988, og frå den dagen av kunne ISCTE tilbyda alle akademiske grader, inkludert bachelor-, master- og doktorgrader og æresdoktor. I 2000 vart den organisatoriske rammeplanen til ISCTE publisert.
I 2002 gav Rådet for rektorar ved portugisiske universitet ei fråsegn om at ISCTE burde verta innlemma med Universitetet i Lisboa (1911–2013), og i 2012 inviterte Universitetet i Lisboa (før fusjonen med ) ISCTE til å verta ein del av det større universitetet, men ISCTE avviste begge invitasjonane.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «ISCTE – University Institute of Lisbon» frå , den 22. september 2026.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skipingar i 1972 Kategori:Universitet i Portugal