mini|Biomassekart frå ESA sitt Climate Change Initiative frå 2020.
Biomasse er materiale danna av mikroorganismar, plantar og dyr. Det kan visa til den totale vekta av levande organismar i ein viss samanheng. I biologi blir omgrepet nytta for å oppgje bestanden av organismar av ein bestemt type eller på ein gjeven stad, men uttrykket blir òg nytta som generell nemning på brensle frå tre og plantar, gjødsel, skogsavfall og brenntorv til bruk i oppvarming.
Omgrepsavklaring Biomasse er massen til levande organismar, og omgrepet dekkar alt frå muskelvev til organ i eit dyr, eller delar av ein plante, til dømes biomassen av lauv. Ein kan òg snakka om biomassen til eit individ, av alle individ av ein art, delar av eit økosystem, til dømes biomassen frå alt plankton i ein innsjø, biomassen til alle boreale skogar eller omgrepet kan brukast på eit planetarisk nivå, der ein kan snakka om biomassen til alle fotosyntetiserande organismar.
Ein skil mellom autotrofe organismar, som kan ernæra seg sjølv, og heterotrofe organismar, som skaffar seg næring ved å eta andre organismar.
I biologien Biomasse blir ofte nytta som bestandsmål på organismar der tal på individ ville vore upraktisk, til dømes mengda av artar med sterkt varierande storleik, slik som mange tre, eller der individa er svært små, slik som mengda bakteriar i eit økosystem. Ofte vil målet vera brukt om mengda på levande virke på eit gitt område, til dømes biomassen av meitemakk per kvadratkilometer dyrka mark, eller total biomasse i ein kvadratkilometer skog. Eit estimat frå 2017 av den totale mengda biomasse i biosfæren var kring 550 gigatonn karbon. Ein stor del av dette var landbaserte plantar (kring 450 Gt C).
Totalt biomasse på eit gitt område vil alltid vera avhengig av mengda tilgjengeleg energi for det lågaste trofiske nivået, i dei aller fleste tilfelle sollys for plantar. I ørkenar vil biomassen vera avgrensa av tilgjengeleg vatn i staden.
Biomasse som brensle mini|Omdanning av tremateriale til pellets.
Biomasse kan vera fornybart organisk materiale som kan nyttast som brensle, anten for å avgje varme direkte eller omforma til væske eller gass.
I teorien kan alt biologisk materiale nyttast som biomasse, og i dag blirskogflis, slakteavfall, halm og husdyrgødsel nytta til å produsera energi. Massen består av blant anna karbon og hydrogen, og har difor stor energitettleik. Ein del biomasse kan vidareforedlast til biodiesel eller andre drivstoff.
Sjå òg Bioenergi
Kjelder
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Biomasse» frå , den 27. september 2026.
Kategori:Energi Kategori:Økologi Kategori:Miljø