mini|Hana-no-Gosho (Blomepalasset) i Kyoto. mini|Skip frå Muromachi-tida. Muromachi (室町時代), òg kalla Ashikaga (足利幕府), var ein periode i japansk historie mellom 1338 og 1573.
Etter å ha teke makta frå Kamakura-shogunatet, byrja keisar Go Daigo å gjenoppretta den gamle keisarmakta i noko som blir kalla Kenmur-resturasjonen. Han gjenoppretta dei gamle organa til den sivile regjeringa, men han mangla kapasiteten til å kontrollere føydalsamfunnet som hadde vokse fram og då han allierte seg med fienden til Ashikaga Takauji, vendte han seg mot han og erobra hovudstaden i 1336. Go Daigo flykta og grunnla eit nytt hoff i Yoshino, noko som førte til at det kom til å vera to ulike linjer av keisarfamilien som utropte kvar sin keisar. I dei kommande to åra utgjorde Ashikaga Takauji den faktiske herskaren, men fyrst i 1338 tok han tittelen shogun og etablerte Ashikaga-shogunatet.
Ashikaga Takauji prøvde å skapa eit sentralisert politisk system med sete i Kyoto. Takauji var ikkje nokon sjølvklar leiar, han var berre den mest framgangsrike av mange leiande krigarar. Han eller nokon av etterkomarane hans kunne ikkje krevja lojalitet frå dei fleste av alle provinsherrane slik Minamoto no Yoritomo hadde kunna. Ashikaga-shogunatet kunne frå opphavet utøva ein sterk kontroll over daimyo, men ettersom styrken til daimyo auka blei ein stadig meir usikker koalisjon og det ofte fann stad strid gjennom heile Ashikaga-shogunatet. Fordi Ashikaga i 1378 flytta hovudkvarteret sitt til Muromachi-området i Kyoto, blir tida mellom 1378 og 1573 kalla Muromachiperioden.
Go Daigo sitt alternative hoff i Yoshino førte til mykje hemn og strid mellom daimyoar som hevda at dei representerte det eine eller det andre hoffet. Difor tvinga den tredje shogunen av Ashikaga, Yoshimitsu, hoffet i Yoshino til å vende tilbake til Kyoto gjennom eit løfte om at annankvar keisar skulle koma frå sør- og annankvar frå nordhoffet. Samstundes eliminerte Yoshimitsu dei mektigaste fiendane sine, og kunne på den måten oppnå dei 30 mest stabile åra under Ashikaga-shogunatet frå byrjinga av 1399.
Etter Ouninkrigen (1467–1477) mista shogunatet makta si, og Ashikagaperioden gjekk over til Sengokuperioden. Perioden blir rekna for å ha enda då Oda Nobunaga tok makta i 1568, og Nobunaga tok avgjerda om å sende den siste Ashikaga-shogunen i eksil i 1573.
Bakgrunn Perioden før Muromachi-tida blir kalla Kamakura, og fann stad mellom 1185-1333. Kamakura byrja med at Minamoto no Yoritomo tok makta over Japan og valde Kamakura som hovudstad for shogunatet i 1192. Det keisarlege hoffet blei verande i Heiankyo (dagens Kyoto). Kamakura var prega av shogunar (militære leiarar) som fordelte jord til sine allierte. Dei innførte òg ei rekkje reformer som støtta handel og jordbruk. Zen-buddhisme var ein viktig del av kulturen i Kamakuraperioden.
Under Kamakura hadde keisaren tapt mykje makt til shogunen, der shogunen i praksis styrte det japanske riket. Gjennom åra prøvde fleire keisarar å ta tilbake minst ein del av den politiske makta. Keisar Go-Daigo (1318-1339) klarte etter fleire mislykka forsøk til slutt å byrja eit opprør. På slutten av 1300-talet hadde shogunatet blitt svekka av to mongolske invasjonsforsøk (1274 og 1281) leia av Kublai khan. Invasjonane mislykkast, stort sett på grunn av tyfonar som øydela mongolske flåtar. Konflikten og den militære beredskapen førte til ein enorm belastning på den japanske økonomien, som nærma seg konkurs. Større grupperingar av samuraiar fekk aldri løn, og kontrollen over provinsane var svært låg, noko som førte til høg kriminalitet og ei undergraving Kamakura-shogunat. Med hjelp av sine allierte Nitta Yoshisada og Ashikaga Takauji kunne keisar Go-Daigo endeleg styrta den dåvearande Kamakura-shogunen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Muromachi» frå , den 29. september 2026.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Japansk historie