Rory Gallagher () var ein irsk blues/rock-gitarist og -vokalist. Han blir rekna som ein av dei mest innverknadsrike irske rock og bluesmusikarane, og er blitt kalla «Irlands fyrste rockestjerne».

Karrieren til Gallagher starta for alvor då han grunnla bluesrocktrioen Taste i 1966. Gruppa gav ut to studioalbum, Taste i 1969 og On The Boards i 1970, før ho blei oppløyst. Deretter la Rory Gallagher ut på ein solokarriere.

Han gav ut ei rekkje soloalbum i løpet av solokarrieren sin, men er nok mest kjent for hyppige turnear i både USA og Europa. Sjølv om helsa hans var svekka mot slutten av 1980-talet, avtok ikkje turneane. I 1995 døydde han av komplikasjonar under ein levertransplantasjon.

Diskografi

1971 – Rory Gallagher 1971 – Deuce 1972 – Live In Europe 1973 – Blueprints 1973 – Tattoo 1974 – Irish Tour '74 1975 – Against The Grain 1976 – Calling Card 1978 – Photo Finish 1979 – Top Piority 1980 – Stage Struck 1982 – Jinx 1987 – Defender 1990 – Fresh Evidence 1999 – BBC Sessions

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rory Gallagher» frå , den 2. oktober 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Irske gitaristar