Martin Uldal () er ein skiskyttar frå Birkeland i Vest-Agder. Under Vinter-OL 2026 i Italia gjekk han den fyrste etappen for det norske mannskapet som vann sølv i 4 x 7,5 km stafett, dei andre på laget var Johan-Olav Botn, Sturla Lægreid og Vetle Sjåstad Christiansen.

Uldal fekk sin verdscup-debut 18. mars 2022. Hans einaste triumf i eit enkeltrenn i verdscupen kom 19. desember 2024 i franske Le Grand-Bornand, då han slo Johannes Thingnes Bø med 1,4 sekund i ei sprint-tevling. Uldal enda på 11. plass i Verdscupen i skiskyting 2025. Sesongen 2025/26 var han del i norske stafettlag som vann to verdcuprenn føre vinterleikane i Italia.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Martin Uldal» frå , den 3. oktober 2026.

IBU-profil

Kategori:Norske skiskyttarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Folk frå Birkenes