Olomouc okres er eit distrikt (tsjekkisk okres, fleirtal okresy) i regionen Olomouc kraj i Tsjekkia. Det ligg sentralt i regionen og grenser i nordaust mot regionen Mähren-Schlesien med ei kort grense i vest mot Pardubice kraj.
Administrativ inndeling Distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, men dei har framleis ein funksjon for aktivitetane til ulike etatar og for statistiske føremål. Det administrative ansvaret til distrikta vart ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP).
Dei administrative områda til kommunar med utvida fullmakter i Olomouc okres:
Litovel SO Olomouc SO Šternberk SO Uničov SO
Folketal i distriktet Folketalet i distriktet i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Litovel SO 23 341 23 152 23 020 Olomouc SO 157 852 160 980 169 377 Šternberk SO 24 830 23 824 23 295 Uničov SO 23 096 22 327 21 599 Olomouc okres 229 119 230 283 237 291
Byar i distriktet Tabellen viser bykommunane i distriktet. Bykommunar med utvida fullmakter er utheva. By Folketal 2021 Olomouc 106 063 Šternberk 13 007 Uničov 10 964 Litovel 9 459 Velká Bystřice 3 470 Štěpánov 3 389 Moravský Beroun 2 785
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Olomouc Olomouc