Mamoré er ei stor elv i Brasil og Bolivia som sameiner seg med elva Beni og dannar Madeira, ei av dei største sideelvane til Amazonaselva. Ho har utspringet sitt i den nordlege skråninga av Sierra de Cochabamba, aust for byen Cochabamba, og er kjent som Chimoré fram til samløpet med Chapare. Dei fem største sideelvane er Río Grande, Guaporé (spansk Iténez), Mamorecillo, Yacuma, Chapare og Yata. mini|venstre|Kryssing av Mamoré ved Puerto Mamoré, 20 km vest for byen Trinidad i Bolivia (rute 3) Guaporé kan også måle seg med Mamoré når det gjeld lengd og vassføring; ho har utspringet sitt på Parecis-platået i Mato Grosso i Brasil, berre nokre få kilometer frå vassdrag som renn nordover mot Tapajós og Amazonas, og sørover mot elvane Paraguay og Paraná.

Mamoré har strykparti nokre få kilometer ovanfor samløpet med Beni, men det er laga til ein 300 km lang jernbane frå området nedanfor stryka i Madeira. Ovanfor stryka er elva seglbar heilt til Chimoré, ved foten av fjellkjeda, og dei fleste sideelvane er farbare over lange strekk.

Elveløpet er grenseelv mellom Bolivia og Brasil dei nedste (nordlegaste) ca. 260 kilometer. Dette er strekninga mellom samløpa Mamoré-Guaporé og Mamoré-Beni.

Kjelder

Denne artikkelen er ei omsetjing av delar av artikkelen «Mamoré River» frå , den 7. oktober 2026. Han inkluderer tekst frå: Chisholm, Hugh, red. (1911). «Mamoré». Encyclopædia Britannica (på engelsk). Vol. 17 (11. utg.). Cambridge University Press. s. 533.

Bakgrunnsstoff

M Kategori:Elvar i Brasil Kategori:Sideelvar til Amazonaselva