Nordvik kyrkje er ei kyrkje i Nordvika litt nord for Solfjellsjøen i Dønna sokn, innvigd 18. juni 1871. Kyrkja er ei langkyrkje bygd i tre. Ho skal ha plass til 350 menneske. Altertavla vart skoren i tre av Andreas Nilsskog i 1916 og viser påskemorgonen og Jesu forklåring på berget.

Nordvik kyrkje er ei av fleire kyrkjer i Dønna. Det er gudsteneste i denne kyrkja ein til to gongar i månaden.

Nordvik sokn høyrde frå gammalt (1589) til Herøy sokn, under Alstahaug prestegjeld. Ved kgl. res. 11.12.1861 vart Herøy sokn utskilt frå Alstahaug som eige soknekall frå 1.5.1862. Kgl.res. 22.5.1869 tillet å byggje ei hjelpekyrkje for norddelen av Herøy prestegjeld på garden Nordvik. Hæstad kapell vart oppført etter kgl.res. 10.3.1911. Ved kgl.res. 17.11.1916 vart Nordvik (gnr 21-53 og 56-59) skilt ut frå Herøy sokn som eige sokn. Nordvik sokn vart ved kgl.res. 18.5.1962 utskilt frå Herøy og Dønnes sokn frå Nesna for å bli slått saman til eit nytt Dønna prestegjeld.

Bakgrunnsstoff Nordvik kyrkje frå Kyrkjesøk

Kategori:Kyrkjer i Dønna Kategori:Kyrkjer i Nord-Helgeland prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1870-åra Kategori:Kulturminne i Dønna Kategori:Niels Stockfleth Darre Eckhoff Kategori:1871 i Noreg Kategori:Langkyrkjer i Sør-Hålogaland bispedømme