Marco Schwarz () er ein alpin skirennar frå Radenthein i Austerrike. Han vann gullmedaljen i kombinasjonen under VM i alpine greiner 2021 i Cortina d'Ampezzo. I den same meisterskapen tok han bronsemedaljen i storslalåm. To år tidlegare sikra han seg to individuelle bronsemedaljar og ein sølvmedalje i lagtevlinga ved VM i alpine greiner i Åre. I 2023 vann han sølv i kombinasjonen og bronse i storslalåm då den alpine verdsmeisterskapen fann stad i franske Courchevel. Schwarz deltok i dei olympiske vinterleikane 2018, 2022 og 2026. I Pyeongchang i 2018 var han med i det austerrikske mannskapet som kom på sølvplass.
Schwarz fekk sin debut i verdscupen i alpine greiner i november 2014. Han vann fyrstepremien i slalåm-øvinga i Verdscupen i alpine greiner 2021, samanlagt kom han då på tredjeplassen i turneringa. I tida frå 1. januar 2019 til 27. desember 2025 sigra han i åtte enkeltrenn i verdscupen, fordelt på fem ulike øvingar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Marco Schwarz» frå , den 9. oktober 2026.
Kategori:Austerrikske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Austerrike Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2018 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2018 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 2022 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2022 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 2022 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2026