mini|

Luc Alphand () er ein fransk tidlegare alpine skirennar og rallybilist frå Briançon. Han sigra i 1997 verdscupen i alpine greiner og vann i 2006 Rally Dakar.

Utfor-spesialisten Alphand deltok perioden 1985 til 1997 i fire verdsmeisterskap i alpine greiner og tre olympiske vinterleikar. Han tok si einaste medalje då han vart tredjemann i utforrennet under VM i alpine greiner 1996 i spanske Sierre Nevada. Vintersesongane 1995, 1996 og 1997 vann han til saman 12 enkeltrenn i verdscupen i alpine greiner; 10 utforrenn og to tevlingar i super-g. Alle desse tre sesongane sikra han seg fyrstepremieen i utfor i verdscupen, i 1997 vart han bestemann i turneringa også i super-g. Med 1130 verdscup-poeng triumferte han i verdscupen 1997, 34 poeng føre Kjetil Andre Aamodt frå Noreg.

Åra frå 2001 til 2009 deltok Alphand i terrengrally. I 2006 køyrde han i mål som vinnar av Rally Dakar med ein Mitsubishi-bil.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Luc Alphand» frå , den 10. oktober 2026.

Kategori:Franske alpinistar