Kara-Bogaz-Gol, som på turkmensk tyder «Svarthalssjøen», er ei lagune som ligg i ei grunn fordjuping nordvest i Turkmenistan. Ho dannar ei bukt som er skild frå Kaspihavet av ein sandrygg og dekkjer eit område på 18 400 km².

Laguna er svært grunn, for det meste mellom 4 og 7 meter. Kysten rundt laguna er sandørken og på grunn av den høge temperaturen i området er det stor fordamping og vatnet i laguna har ei saltinnhald på 35 %, som er 10 gonger høgare enn sjøvatn (3,5 %). Sandryggen som skil laguna frå Kaspihavet har ein opning på ca. 200 meter, der det strøymer inn vatn etter kvart som det fordampar i laguna. Kaspihavet har mykje tilsig av ferkvatn frå elvene Volga (80 %), Ural m.f. og saltinnhaldet er på berre 12 ‰. På grunn av det høge saltinnhaldet er det ikkje fisk i laguna. Det vert drive industriell utvinning av salt der.

Vassnivået i Kaspihavet flukterer over tid, og i perioden 1929 til 1977 sokk nivået med ca. 3 meter. For å motverka at nivået heldt fram å minka vart det i mars 1980 bygd ei demning som blokkerte opningen mot Kaspihavet. Men dette førte til at luguna tørka ut og vart til ein saltørken. Vinden spreidde då salt ut over eit stort område i austleg retning, noko som førte til at jorda vart forgifta fleire hundre km innover i landet, som i sin tur førte til helseproblem. I 1992 vart difor demninga fjerna og laguna vart på nytt fylt med vatn frå Kaspihavet.

Merknadar

Referansar Garabogazköl or Kara-Bogaz-Gol, Ayan Travel, 2026. J.M. Bardintzeff, Lagune de Kara-Bogaz, Vulcamania, 8. juli 2018. S.B. Kroonenberg og S. Leroy, Dating Caspian Sea Level Change, Proc. 5. IGCP-481 meeting, Gelendzhik, Russland, 8-17 september 2007.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kaspihavet Kategori:Innsjøar i Turkmenistan Kategori:Saltsjøar