Frýdek-Místek okres er eit distrikt (tsjekkisk okres, fleirtal okresy) i regionen Mähren-Schlesien i Tsjekkia. Det ligg aust i regionen og grensar i sørvest mot Zlín kraj, i sør mot Slovakia og i aust mot Polen.

Administrativ inndeling Distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, men dei har framleis ein funksjon for aktivitetane til ulike etatar og for statistiske føremål. Det administrative ansvaret til distrikta vart ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP).

Dei administrative områda til kommunar med utvida fullmakter i Frýdek-Místek okres:

Frýdek-Místek SO Frýdlant nad Ostravicí SO Jablunkov SO Třinec SO

Folketal i distriktet Folketalet i distriktet i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Frýdek-Místek SO 108 529 107 481 109 672 Frýdlant nad Ostravicí SO 22 018 23 434 24 832 Jablunkov SO 22 662 22 214 21 781 Třinec SO 56 243 54 627 53 037 Frýdek-Místek okres 209 452 207 756 209 322

Byar i distriktet Tabellen viser bykommunane i distriktet. Bykommunar med utvida fullmakter er utheva. By Folketal 2021 Frýdek-Místek 53 698 Třinec 33 782 Frýdlant nad Ostravicí 9 789 Jablunkov 5 307 Brušperk 4 111 Paskov 3 679

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Frydek Frydekl