mini|portrett|Gatemusikant med sjamisen i Sydney i Australia. Sjamisen (japansk 三味线), er eit tre-strengs musikkinstrument som blir spelt med eit plektar kalla bachi. Uttalen på japansk er vanlegvis shamisen (i det vestlege Japan, og ofte i kjelder frå Edo-perioden: samisen), men nokre gonger djamisen når det blir brukt som eit suffiks (t.ex. Tsugaru-djamisen).

mini|venstre|portrett|Kitagawa Utamaro, Ei ung dame med ein forteljande song til sjamisen, kring 1803. mini|portrett|venstre|Geisha frå Tokyo med sjamisen, kring 1870.

Konstruksjon Sjamisen er like lang som ein gitar, men halsen er mykje slankare og utan band. Den trommeliknande, avrunda og rektangulære kroppen, kjent som dō, er oppspent framme og bak med hud, og har form som ein banjo. Huda er vanlegvis frå hund eller katt, men i det siste har det vore brukt ein spesiell type papir, og nyleg har ein òg prøvt ulike typar plast. På huda til nokre av dei beste sjamisenane kan ein framleis sjå merke etter brystvortene til katten, og plasseringa av desse på sjamisenen viser at skinnet er sentrert korrekt.

Halsen er vanlegvis konstruert slik at han er delt inn i tre eller fire bitar som passar saman og er låste saman. Faktisk er enkelte konstruert slik at dei enkelt kan demonterast og stuast vekk for å spara plass. Stemmepinnane var tradisjonelt skorne ut av elfenbein, men fordi dette er ein sjeldan ressurs, blir det no nytta andre materiale, som ulike typar tre og plast.

Dei tre strengane blei tradisjonelt laga av silke, men no er nylon meir vanleg. Den lågaste ligg inntil ei lita forhøging ved stemmepinnane slik at det blir skapt ein karakteristisk summelyd som blir kalla sawari (noko som minner om summinga i ein sitar, som blir kalla jivari). Den øvre delen av dō er nesten alltid beskytta av eit dekke (dōkake), og musikarane har ofte eit lite tøystykke (yubikake) på venstre hand for at det skal gli lettare opp og ned på halsen. Det kan òg vera eit dekke (tenjin) på hovudet av instrumentet.

Spel I dei fleste sjangrane av sjamisen blir strengane plukka med eit stort plekter som blir kalla bachi. Det er trekanta i fasong og liknar eit ginkgoblad. Bachiar blei tradisjonelt laga av elfenbein, skjelpaddeskal eller vassbøffelhorn. Nokre av desse materiala er blitt sjeldnare eller ulovlege, så i dag blir det òg laga bachiar av tre eller plast. Lyden av ein sjamisen liknar i nokre omsyn på den amerikanske banjoen, ved at den trommeliknande hudkledde kroppen forsterkar lyden av strengane. Som i «clawhammerstilen» til amerikanske banjospelarar, blir bachien ofte nytta til å slå både på strengane og huda, og dette skaper ein svært perkussiv lyd.

I kouta (小呗, bokstaveleg «kort song») og nokre gonger i andre sjangrar, blir sjamisen spelte med fingrane.

Sjamisen i bluegrass Bluegrass er ei av fleire musikkformer som er blitt eksporterte frå USA til Japan. Ho har slått solide røter, godt hjelpt av Bill Monroe («gudfaren til bluegrass») sin Japan-turné i 1974. Ein sjamisenvirtuos, Takeharu Kunimoto, byrja i 2004 ein gjenvisitt – ein USA-turné der han, visstnok som den fyrste, spelte bluegrass med sjamisen i staden for den vanlege bluegrassbanjoen. I mellom anna austre Tennessee, som ligg i det opphavlege kjerneområdet til bluegrassen, blei han svært populær.http://homepage2.nifty.com/ts-sonic/reviews_comments/ Seinare bluegrassartistar med sjamisen er m.a. duoane Oyama x Nitta (2 x sjamisen) og Cherokee Shuffle (sjamisen + banjo).

Stemming Sjamisen blir spelt og stemt forskjellig etter sjanger. Det finst eit utal stilartar i Japan, og stemming, tonalitet og notasjon varierer til ei viss grad.

Det finst ulike stemmingar for shamisen, men tre av dei mest anerkjende på tvers av sjangrar er honchoshi (本调子), ni agari (二 上がり), og San sagari (三 下がり).

«Honchoshi» tyder «heimestemming» eller «basisstemming», og blir kalla dette fordi andre stemmingar tek utgangspunkt i henne. Her er den fyrste og tredje strengen stemt ein oktav frå kvarandre, medan den midtre strengen er stemt ein kvart over den fyrste strengen. Eit døme på dette er D, G, D.

«Ni agari» tyder «heva to» eller «opp ein sekund», og dette viser til det at tonehøgda på den andre strengen er heva (frå honchoshi sin kvart), til ein kvint. Eit døme på dette er D, A, D.

«San sagari», som tyder «senka tre» eller «senka tredje» refererer til stemming av sjamisen som honchoshi og så senka tredje streng (strengen med høgast tonehøgd) ned eit heilt trinn, slik at instrumentet blir stemt i kvartar. Eit døme er D, G, C.

Notasjon mini|293x293pk|Vertikalt tabulatur for sjamisen, lese frå høgre mot venstre. 3. strengen blir notert med vestlege tall, 2. strengen med kinesiske tal og 1. strengen med kinesiske tal med イ framover. mini|293x293pk|Horisontalt tabulator for sjamisen, lese frå venstre mot høgre. Akkurat som ved gitartabulatur, representerer horisontale strekar strenger. Plassering på strengen gjevne med vestlege tal, og noteverdiar gjevne med linjer under Musikken kan skrivast med vestlege noter, men tabulatur er meir vanleg. Måtar å stemma instrumentet på kan vera felles i ulike sjangrar, men namnet på der ein skal trykkja (kalla tsubo på japansk) på halsen er det ikkje. Difor blir tabulatorane ulike frå sjanger til sjanger. Til dømes blir det notert frå 0 (laus streng) i min'yo-stilen, medan i jiuta-stilen blir han kalla etter oktav. Der tyder «1» den lause strengen og den fyrste tonen i oktaven, i neste oktav startar 1 på nytt. Det er òg andre namn i Tsugaru-stilen. For å gjera forvirringa komplett skal nokre tonar spelast litt lysare i nokre sjangrar enn i andre, og sidan både namnet på posisjonen og posisjonen sjølv er ulik for kvar sjanger, er det vanskeleg for ein utøver å lesa tabulator i ein sjanger han ikkje har fått grundig opplæring i.

Tabulatur kan skrivast i tradisjonell vertikal japansk stil der ein les frå høgre mot venstre, eller i ein meir vestleg, moderne horisontal stil frå venstre mot høgre. Den siste er ganske lik moderne gitartabulatur. I den tradisjonelle stilen nyttar ein kinesiske teikn og eldre symbol for å angje styrkegrad, men element frå vestleg notasjonen har òg blitt importert, som fermate og taktartangjeving.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Shamisen» frå , den 18. oktober 2026. oppgav desse kjeldene: Bilder og detaljer av kroppen til en shamisen 4. februar 2008. S.K.I.N. debut concert live report at JAME

Bakgrunnsstoff

Kategori:Japanske musikkinstrument