høgre|mini|250x250pk|Okseløp i Pamplona den 7. juli 2005. San Fermín er ein festival som blir halden kvart år i byen Pamplona i Navarra i Spania) til ære for heilage Fermín av Amiens.Sankt Fermin av Amiens, Navarras skyddshelgon Festivalen tek ti kl. 12 den 6. juli, då eit seremonielt fyrverkeri (chupinazo) blir avfyrt til musikk, og held deretter fram til midnatt den 14. juli, då festivalen blir avslutta med songen «Pobre de Mí». I tillegg til høgdepunktet i festivalen, som er eincierron (okseløpet gjennom gatene i byen), har San Fermín-festivalen ei mengd andre tradisjonelle element. Sentrale delar av Ernest Hemingway si bok Og solen går sin gang går føre seg i Pamplona under San Fermín og har bidratt til at festivalen blei internasjonalt kjend.

Opphav Lokalt går festivalen under namnet Sanfermines, og har røter til mellomalderen. Han har tilknytingar dels til dei religiøse seremoniane til ære for heilage Fermin, dels til den årlege julemarknaden og dels til tyrefektingane som har funne stad sidan 1400-talet. Opphavleg blei festivalen halden den 10. oktober, men blei slått saman med julemarknaden i 1591, då Pamplona-borgarane klaga over det dårlege vêret i oktober.History of... The fiesta of San Fermín

Okseløpet høgre|mini|Vernehelgenen San Fermín mini mini Det finn stad okseløp klokka 8 kvar morgon. Dei startar frå Calle Santo Domingo og sluttar etter 825 meter ved tyrefektingarenaen. Starten blir signalisert med to startskot, eit når oksane er blitt sloppe laus og eit andre skot når den siste oksen forlet innhegninga. Okseløpet går over følgjande gater: Cuesta de Sto. Domingo - Plaza del Ayuntamiento - Mercaderes - Calle Estafeta - Telefónica - Callejón.

Rett før klokka 8 har deltakarane samla seg ved la cuesta de Santo Domingo, i nærheten av Corral Santo Domingo, der dei har ein kort seremoni ved eit helgenbilete av San Fermín som sit innmurad i ein mur. Dei messer:

A San Fermin pedimospor ser nuestro patrónnos guíe en el encierrodándonos su bendición.

Til heilage Fermin ber mesidan du er vernehelgenen vårat du leier ossunder encierronog gjev oss di signing.

Løparane er kledde i kvitt og har eit raudt tørklede (panjuelo) om halsen og eit raudt skjerf (faja) om livet. I ei hand held dei ei samanrulla avis for å avleia oksen om det er nødvendig. Sjølv om det er meininiga at det ikkje skal vera nokon kontakt mellom løparane og oksane, prøver mange uerfarne løparar å ta på dyra, noko som risikerer tryggleiken til alle løparane. Dei som gjer dette får slag frå dei profesjonelle tyrefektarane (kledde i grønt) som spring bak oksne. Med den store mengda deltakarar som av og til kjem, er det stor risiko for skade, når gata svingar og oksane sklir på gatesteinane og i folkeopphopinga som oppstår i flaskehalsane der gata smalnar mot slutten og deltakarane blir jakta bakfrå av oksane.

Løpet tar 3-4 minutt om det går føre seg utan komplikasjonar, av og til går det fortare og av og til seinare. Den kortaste målte tida for ein okse til å springa heile strekningar er 1 minutt og 45 sekund.11 juli 1997, tjuren Uranyo, 600 kg. Oksane spring raskare enn deltakarane, og den mest ærerike posisjonen er rett framfor horna til dyra. Denne posisjonen kan ein normalt berre halda ei kort stund, om lag 7-8 sekund, før ein må forlata han for å ikkje risikera å bli sprungen ned av oksane.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «San Fermín» frå , den 26. oktober 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Pamplona Kategori:Festivalar i Spania