Ein by i Tsjekkia (tsjekkisk město) er ein kommune med bystatus. Landet har (i 2026) 610 bykommunar av i alt 6 258 kommunar. I tillegg til byane er det òg 232 marknadsbyar (tsjekkisk městys).

Bykommunar med utvida fullmakter Etter at dei tidlegare 76 administrative distrikta (tsjekkisk okres, fleirtal okresy) vart avvikla som administrative einingar i 2003, vart det administrative ansvaret distrikta hadde hatt, ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (SO ORP). Dei 205 bykommunane med utvida fullmakter administrerer eit område med mange fleire kommunar.

Lovbestemt by Vanleg bystatus blir tildelt administrativt, men byar som oppfyller visse kriterium, kan bli tildelt status som lovbestemt by (tsjekkisk statutární město) gjennom lovvedtak. Det er 26 slike byar i landet i tillegg til hovudsaden Praha, som blir rekna som ein de facto lovbestemt by.

Byane i Tsjekkia Tabellen viser bykommunane i regionen. Bykommunar med utvida fullmakter er utheva med halvfeit skrift. Lovebestemte byar er i tillegg oppførde i kursiv.