Ordenstal skildrar nummer i ei rekkje, og kan derfor òg nemnast som rekkjetal.

Fyrste eller første er ordenstalet som viser til nummer éin i ei rekkje. I nynorsk blir første følgt av andre, medan bokmål har alternativet annen i tillegg til andre. Deretter følgjer tredje, fjerde, femte osb.

Ordenstal skrive med tal må ha eit punktum etter seg på norsk.

Døme: 4. juli, 18. mai, 51. bataljon

Ordenstala er adjektiv, til skilnad frå grunntala, som er determinativ. Jf:

Den fine / første / andre boka (adjektiv) Nokre / to / fjorten / ingen bøker (determinativ)

Kjelder

Språkrådet Faarlund, Jan Terje, Svein Lie og Kjell Ivar Vannebo 1995: Norsk referansegrammatikk

Kategori:Tal Kategori:Ordklassar