David Bowie () var ein engelsk songar og soloartist. Han var ei superstjerne innan populærmusikken i seks forskjellige tiår.
Han var kjend som kameleonen i populærmusikken; han har føresett trendar og justerer stil og personlegdom deretter, samtidig som han heldt fast på sine eigne idear. Hans første skritt mot popularitet var med den folk-rock inspirerte Space Oddity i 1969, men han var betre kjend som den androgyne glamrockaren på Hunky Dory (1971), The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars (1972) og Aladdin Sane (1973). På 1970-talet blanda han kunst, filosofi og litteratur inn i musikken og løfta pop- og rockemusikk til eit meir sofistikert nivå. I albuma han har gjeve ut etter dette har han utforska soul, elektronika og new wave, ofte før desse sjangrane vart populære eller i det heile oppstod.
Bowie arbeidde òg som film- og teaterskodespelar, plateprodusent, musikkvideoregissør og kunstnar. Han gav ut det siste studioalbumet sitt, Blackstar, på 69-årsdagen sin 8. januar 2016, berre to dagar før han døydde av kreft.
Biografi 1947-1967: Dei tidlege åra David Robert Jones vart fødd i Brixton i London der han budde til han var om lag seks år gamal. Familien flytta så til Bromley i Kent (i dag ein del av Greater London). Han gjekk på skule ved Bromley Technical High School i Keston i Bromley og budde med foreldra til han var 18.
Under ein krangel om ei jente, slo George Underwood til Bowie i auget, og Bowie måtte halde seg borte frå skulen i åtte månadar, slik at han kunne få utført operasjonar for å hindre at han vart fullstendig blind på auget. Underwood og Bowie heldt fram med å vere gode vener, og Underwood laga seinare omslaga til fleire av dei tidlege platene til Bowie. Operasjonane reparerte derimot ikkje skaden, og eine pupillen hans er derfor alltid heilt utvida, noko som får det til å sjå ut som om Bowie har to forskjellige augefargar.
Då han var 17 år, vart David Jones intervjua av BBC-programmet Tonight etter at han grunnla The Society for the Prevention of Cruelty to Long-haired Men.
Bowie har uttalt at det første musikalske målet han hadde var å bli saksofonist i Little Richard sitt band. Bowie starta som saksofonist, men vart oppdaga, ved tilfeldigheit, då han song for ein vokalist som ikkje hadde dukka opp i ein klubb i London. Han spelte i forskjellige bluesgrupper, som The King Bees, The Mannish Boys og The Lower Third i 1964-1966. Bowie tilpassa seg heile tida dei musikalske trendane, og låg stundom til og med føre desse. Den tidlegaste musikken hans skifta mellom blues og Elvis-liknande musikk, samtidig som han arbeida med fleire britiske popstilartar.
Bowie var påverka av dramastudia sine på denne tida - frå avantgarde teater og pantomime til Commedia del Arte — og i mykje av det musikalske arbeidet hans skapte han nye figurar. Den komande rockestjerna måtte etter kvart skifte namn for å ikkje verte forveksla med Davy Jones frå The Monkees, så han valde etternamnet Bowie etter Jim Bowie og den vidkjente Bowiekniven hans.
I 1967, for Deram Records, gav Bowie ut sitt første soloalbum, som berre vart kalla David Bowie; ei blanding av psykedelisk rock og easy listening. Han gav òg ut singelen «The Laughing Gnome» med songen «The Gospel According to Tony Day» som b-side. Verken singelen eller albumet gjekk inn på listene. Albumet er i dag vanskeleg å få tak i, men songane på plata er seinare gjeve ut på forskjellige samleplater.
I 1967 skreiv derimot Bowie ein song, «Over the Wall We Go», for artisten Oscar (eit tidleg scenenamn for musikalartisten Paul Nicholas), som vart ein liten hit.
1969-1973: Psykedelisk folk til glamrock Den første suksessen til Bowie kom i 1969 med singelen «Space Oddity». Denne balladen fortel historia om Bowie sin første figur, Major Tom, som var ein astronaut som forsvann i verdsrommet. Singelen vart ein hit i Storbritannia, og var og finne på albumet Man of Words, Man of Music i 1969. I USA vart dette albumet forvirrande nok kalla David Bowie, det same som debutalbumet. I 1972 vart dette albumet gjeve ut på ny med namnet Space Oddity, som inneheld fleire akustiske viser og folkrock.
19. mars 1970 gifta Bowie seg med Mary Angela Barnett i Kent i England. Seinare same året kom albumet The Man Who Sold the World, der Bowie forlét den akustiske gitaren til fordel for tung rock i lag med gitaristen Mick Ronson, som medverka mykje på Bowie sine album til ut 1973. Mykje av dette albumet er i liknande stil som den britiske hardrocken på denne tida, men Bowie sette sitt eige preg på musikken, mellom anna på tittelsporet som har eit latinsk lydbilete.
Tittelsporet vart òg ein hit for den britiske popsongerinna Lulu, og har vorte spelt av mange andre grupper i etterkant, mellom anna Nirvana. Det opphavlege omslaget til plata hadde eit bilete av Bowie tilbakebøygd i ein kjole, ein tidleg indikasjon på Bowie si interesse for androgyn utsjånad.
Den neste plata hans, Hunky Dory, kom i 1971, og Bowie vandra frå tung hardrock til pop med songar som den snodige «Kooks» (dedisert til den nyfødde sonen hans Duncan Zowie Bowie (som i dag kallar seg Duncan Jones)), «Oh! You Pretty Things», den halvvegs sjølvbiografiske «The Bewlay Brothers» og den buddhismepåverka «Quicksand». Her er òg tre songar som direkte omhandlar tre personar som Bowie sjølv var påverka av med «Song for Bob Dylan», «Andy Warhol» og «Queen Bitch» (for Velvet Underground). Sist, men ikkje minst, inneheld albumet dei to hitsinglane «Changes» og «Life on Mars?». Hunky Dory vart derimot ikkje i seg sjølv ein hit, men la grunnlaget for det som snart skulle løfta Bowie opp til dei største rockestjernene.
Bowie sin androgyne utsjånad vart tatt eit steg vidare i juni 1972 med konseptalbumet The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars, som fokuserte på karrieren til ei utanomjordisk rockestjerne. Albumet er eit steg i retninga mot hardrock-stilen på The Man Who Sold the World, men kjensla er lettare og raskare, og var typisk for glamrock som Marc Bolan bana veg for. Mange av songane på albumet er i dag rockeklassikarar, som «Ziggy Stardust», «Moonage Daydream», «Hang on to Yourself» og «Suffragette City».
Bowie sin Ziggy Stardust-figur vart grunnlaget for den første turnéen hans i 1972, der Bowie farga håret sitt flammande raudt og gjekk med fasjonable klede. Med seg på turnéen hadde han tre musikarar, som representerte «The Spiders from Mars», og inkluderte Mick Ronson på gitar, Trevor Bolder på bass og Mick Woodmansey på trommer. Albumet spratt opp på femteplass på albumlista i Storbritanna etter at singelen «Starman» gjekk opp til tiandeplass. Plata gjorde Bowie til ei stjerne, og raskt etter steig albumet Hunky Dory til tredjeplass på albumlista, og gjekk dermed forbi Ziggy Stardust. Samtidig gjekk singelen «John, I'm Only Dancing», som ikkje var med på albumet, opp til 12. plass, medan songen «All the Young Dudes» som Bowie skreiv og gav til Mott the Hoople gjekk opp til tredjeplass. Bowie produserte òg denne songen.
Samtidig som Bowie turnérte med Ziggy Stardust, så slo den tidlegare frontfiguren frå Velvet Underground, Lou Reed, gjennom med si plate Transformer, som vart produsert av Bowie og Ronson. Same året kom Iggy Pop og bandet hans The Stooges inn under same managerselskap som Bowie, MainMan Productions, og spelte inn sitt siste album Raw Power i London. Sjølv om Bowie ikkje var med på innspelinga, miksa han seinare plata.
The Spiders from Mars kom saman igjen i 1973 og laga albumet Aladdin Sane, eit anna konseptalbum om oppløysinga av samfunnet. Dette vart det første albumet til Bowie, som gjekk til topps i Storbritannia. Bowie skreiv alle songane til albumet på den amerikanske delen av Ziggy Stardust-turnéen. På omslaget til plata kan ein sjå Bowie med raudt hår, og eit raud-, svart- og blåfarga lyn i andletet, og dette er eit av dei mest vidkjende plateomslaga i rockehistoria. Aladdin Sane inneheldt hittane «The Jean Genie» og «Drive-In Saturday», i tillegg til ei utgåve av The Rolling Stones sin «Let's Spend the Night Together». Mike Garson vart hyrt inn på piano på albumet, og framføringa hans er ofte trekt fram som høgdepunktet på plata. Dei siste ti åra har Garson spela mykje i lag med Bowie, både på plater og konsertar.
Bowie heldt fram med Ziggy Stardust-turneen i 1973 med songar frå både Ziggy Stardust og Aladdin Sane, i tillegg til enkelte tidlegare songar som «Changes» og «The Width of a Circle», der Bowie brukte til dels sjokkerande scenerørsler, som til dømes å simulere oralsex med Ronson sin gitar. Bowie tok figuren ut til det ekstreme, og turnerte og gav pressekonferansar som Ziggy Stardust, før han brått avslutta turneen og «karrieren» til Ziggy Stardust ved Hammersmith Odeon i London i 1973. Før siste song seier han til publikum: «Not only is this the last show of the tour, but it's the last show that we'll ever do», noko ein kan høyre på konsertalbumet Ziggy Stardust - The Motion Picture.
Pin Ups, ei samling av Bowie sine versjonar av 1960-talssongar, vart gjeve ut i 1973 og nådde tredjeplass på den britiske albumlista, medan singelen «Sorrow» frå albumet gjekk heilt til topps. Dette gjorde David Bowie til den mestselgande artisten i Storbritannia i 1973. På denne tida var derimot The Spiders from Mars for lengst oppløyst, og Bowie prøvde å forlate Ziggy-personen.
Fleire av dei tidlegare albuma til Bowie vart òg gjeve ut på nytt, og songen «Life on Mars?» frå Hunky Dory vart gjeve ut på singel, og nådde tredjeplass i Storbritannia i 1973. Same året kom òg songen «The Laughing Gnome» frå debutalbumet på singel, og denne nådde sjetteplass.
Den androgyne utsjånaden og scenepersonlegdommen til Bowie selde plater, men populariteten hans i den homoseksuelle kulturen og rørsla for homofile rettar skapte kontrovers både i Storbritannia (der homoseksualitet berre hadde vore lovleg sidan 1967) og i USA. Bowie fortalte i eit intervju i 1972 at han var biseksuell, men har seinare trekt dette tilbake.
1974-1976: Soul, R&B og The Thin White Duke I 1974 kom det nok eit ambisiøst album, kalla Diamond Dogs. Diamond Dogs kom av to forskjellige idear. Ein musikal basert på ei framtid i ein post-apokalyptisk by, og musikk basert på George Orwell sin roman 1984 (songane «1984», «Big Brother» og «We are the Dead»).
Bowie planla òg å lage ein film av albumet, men kom aldri så langt. Han har fortalt seinare at det vart filma ein scene av eit blodbad med folk på rulleskøyter. Bowie planla faktisk å lage ein musikal av 1984, men interessa forsvann då det viste seg vanskeleg å få lisensiering for romanen, og han brukte songane han alt hadde skrive for Diamond Dogs.
Albumet, og eit fjernsynsprogram på amerikanske NBC kalla 1980 Floor Show, som vart sendt på same tid, viste at Bowie var på veg mot soul- og funkmusikk, noko songen «1984» er eit døme på. Albumet gav hitsinglar som «Rebel Rebel» (femteplass i Storbritannia) og «Diamond Dogs» (21. plass i Storbritannia), og sjølve albumet gjekk heilt til førsteplass på den britiske albumlista, noko som gjorde Bowie til den mesteselgande artisten i heimlandet to år på rad. Albumet gjorde det òg bra i USA, der det gjekk opp til femteplass.
Etter at albumet vart gitt ut, la Bowie ut på ein omfattande Nord-Amerika-turné, som varte frå juni til desember 1974. Her vart det brukt overdådige, teatralske spesialeffektar og koreografi (av Toni Basil), og heile sceneproduksjonen braut med vanlege rockekonsertar ved at det ikkje vart spelt ekstranummer. Turnéen vart filma av Alan Yentob for dokumentaren Cracked Actor.
Eit konsertalbum, kalla David Live, vart gjeve ut, og Bowie uttalte at albumet burde vore kalla «David Bowie Is Alive and Well and Living Only In Theory», noko som truleg refererer til den psykologiske tilstanden hans under denne ville perioden. Albumet gjekk opp til andreplass i Storbritannia (og åttandeplass i USA) og styrkte posisjonen hans som superstjerne. Singelen «Knock on Wood» vart gjeve ut, og nådde tiandeplass i Storbritannia.