Helene Conradi Kløvstad () var ein norsk lærar, forlagsredaktør og omsetjar.

Kløvstad var den fyrste omsetjaren av Donald Duck & Co då teikneserien fyrst vart gjeven ut i Noreg i 1948. Ho gav norske namn til figurane Carl Barks hadde teikna. Ho omsette Donald Duck & Co til norsk fram til utgangen av 1960.

Helene Kløvstad var også barnebokredaktør. Ho samarbeidde med Thorbjørn Egner om dei fyrste banda av Thorbjørn Egners lesebøker.

Av yrke var ho lærarinne i folkeskulen i Oslo og arbeidde særleg med born med lesevanskar.

Kjelder

Kategori:Donald Duck Kategori:Norske lærarar Kategori:Norske omsetjarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar