mini|høgre|188px|23px Tilhøvet: 2:3 Flagget til Kongo-Brazzaville vart først tatt i bruk den 18. august 1958. I 1970 vart flaget forkasta, men tatt i bruk att den 10. juni 1991. Fargane er dei tradisjonelle panafrikanske som opphavleg kom frå det etiopiske flagget. Skråstripene går oppover mot høgre, og den gule stripa i midten er smalare enn den grønne øvst og den raude nedst. Grønt symboliserer naturen, gult naturrikdomane og raudt symboliserer blodet til menneska.

mini|høgre|188px|Flagget til Folkerepublikken Kongo (1970-1991)

I perioden 1970–1991, då landet gjekk under namnet Folkerepublikken Kongo, vart det opphavlege nasjonalflagget erstatta av eit meir kommunistisk inspirert flagg: Heilraud flaggduk med statsemblemet i kantonen. Statsemblemet var samansett av tradisjonelle element frå sosialistisk emblematikk: Krosslagt hammar og hakke kombinert med den kommunistiske stjerna, det heile innramma av palmegreiner, eit lokalt innslag.

Kjelder Wikipedia på engelsk, den 22.01.2007 Wikipedia på riksmål/bokmål, den 22.01.2007

Kongo Kategori:Kongo-Brazzaville