mini|Scintillometer

Eit scintillometer er eit vitskapleg apparat som vert brukt til å måle optiske forstyrringar i atmosfæren kalla funkling eller scintillasjon. Årsaka til desse scintillasjonane er små svingingar i brytingsindeksen til luft. Lufta sin brytingsindeks vert påverka av temperatur, fukt og trykk. Apparatet kan dermed måle varmeoverføringa mellom jordoverflata og lufta over, som vert kalla «kjensleg varmefluks» . Apparatet kan òg brukast til å oppdage klarluftturbulens, som elles ikkje er mogeleg å oppdage før ein kjem ut for det.

Kategori:Optiske måleinstrument Kategori:Meteorologiske instrument og utstyr