mini|Heimdal kyrkje Heimdal prosti er eit tidlegare tenestedistrikt i Nidaros bispedømme i Den norske kyrkja. Prosten hadde sete i Trondheim der Heimdal kyrkje var prostikyrkje. Prostiet er med i eit forsøk med samarbeidsområdet «Storprostiet i Trondheim», som omfattar hele Trondheim bortsett frå domprostiet.

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske Kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn.

Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld.

Sokn i Heimdal prosti Heimdal (tidlegare Heimdal prestegjeld) med Heimdal sokn Kolstad (tidlegare Kolstad prestegjeld) med Kolstad sokn Byneset (tidlegare Byneset prestegjeld) med Byneset sokn Leinstrand sokn Klæbu (tidlegare Klæbu prestegjeld) med Klæbu sokn Tiller (tidlegare Tiller prestegjeld) med Tiller sokn

Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter kommune Kyrkjer i Noreg etter prosti

Referansar

Bakgrunnsstoff Nettsida til Den norske kyrkja

Kategori:Prosti i Noreg Kategori:Nidaros bispedømme Kategori:Trøndelag fylke