Ytre Nordmøre prosti er eit tenestedistrikt i Møre bispedømme i Den norske kyrkja. Prosten har sete i Kristiansund kor Kirkelandet kyrkje er prostikyrkje.
Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn.
Prestetenesta lokalt vart tidlegare organisert i prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde prostiet desse prestegjelda:
Prestegjeld og sokn i Ytre Nordmøre prosti
Kristiansund prestegjeld med Kristiansund sokn
Nordlandet prestegjeld med Nordlandet sokn
Kvernes prestegjeld med Kvernes sokn Bremsnes sokn Kornstad sokn
Frei prestegjeld med Frei sokn
Halsa prestegjeld med Halsa sokn Valsøyfjord sokn
Aure prestegjeld med Aure sokn Stemshaug sokn Tustna sokn
Edøy prestegjeld med Edøy sokn Hopen sokn Brattvær sokn
Sjå òg: Kyrkjer i Noreg etter prosti Kyrkjer i Noreg etter kommune
Bakgrunnsstoff Nettsida til Den norske kyrkja
Kategori:Nordmøre