Rocky Mountains er ei brei fjellrekkje i dei vestelege områda av Nord-Amerika. Ho strekkjer seg meir enn 4800 km frå dei nordlegaste områda av British Columbia i Canada til New Mexico i USA. Den høgaste toppen er Mount Elbert i Colorado på 4 401 m. Mount Robson i British Columbia er med sine 3 954 m den høgaste toppen i den kanadiske delen av fjellrekkja.
Geografi Rocky Mountains er definert til å strekkje seg frå Liard River i British Columbia til Rio Grande i New Mexico. Andre fjellrekkjer strekkjer seg vidare frå desse to elvene, Selwyn Range i Yukon, Brooks Range i Alaska, og Sierra Madre i Mexico. Desse er ikkje ein del av Rocky Mountains, men er ein del av dei nordamerikanske Kordillerane. I USA vert derimot Cabinetfjella og Salishfjella i Idaho og Montana rekna som ein del av fjellkjeda, medan den kanadiske delen av desse fjella vert rekna som eit anna system i Canada.
Alle formene av vatn har vore med på å forme det noverande landskapet i Rocky Mountains. Snøsmelting og smeltevatn frå isbrear gjev vatn til elvane og innsjøpane rundt fjellkjeda, som utgjer om lag ein fjerdedel av alle vasskjeldene i USA. Elvene som strøymer ut frå Rocky Mountains renn til slutt ut i tre av verdshava: Atlanterhavet, Stillehavet og Nordishavet. Desse elvene er: Arkansas River Athabasca River Clark Fork River Colorado-elva Columbiaelva Coeur d'Alene River Fraser River Kootenay River Missouri River North Saskatchewan River Peace River Platte River Elva Rio Grande South Saskatchewan River Snake River Yellowstone River
Det kontinentale vasskillet ligg i Rocky Mountains, og er ei linje der vatnet anten strøymer ut i Atlanterhavet eller Stillehavet. Triple Divide Peak (2 444 m) i Montana har fått dette namnet fordi nedbøren som fell på fjellet renn ut i både Atlanterhavet, Stillehavet og Nordishavet.
Galleri
Bakgrunnsstoff
Blue Planet Biomes - Rocky Mountains
Kategori:Fjellkjeder i Nord-Amerika