300px|mini|Tungenes fyr. Tungenes i Randaberg er nordspissen på Jæren, og har gjeve namn til prostiet. Tungenes prosti er eit tenestedistrikt i Stavanger bispedømme i Den norske kyrkja. Det har prostesete i Randaberg der Randaberg kyrkje er prostikyrkje.
Prostiet vart oppretta i 1998, og omfatta då Randaberg og Kvitsøykommunar, som vart utskilde frå Jæren prosti, og seks sokn i Stavanger kommune (Madlamark, Hafrsfjord, Sunde, Tasta, Vardeneset og Tjensvoll), som vart utskilde frå Stavanger domprosti. I 2006 vart Tjensvoll flytta att til domprostiet, mens dei andre Stavanger-sokna gjekk til det då nyoppretta Ytre Stavanger prosti. Til gjengjeld vart Tungenes prosti auka med Sola kommune, som vart tilført frå Sandnes prosti, og Rennesøy og Finnøy kommunar, som vart tilførte frå Søre Ryfylke prosti.Etter kommunesamanslåing i 2020 vart Rennesøy og Finnøy innlemma i Stavanger kommune, og sokna der vart del av Ytre Stavanger prosti i 2025. Frå 2027 er Gjesdal en del av prostiet.
Sokn i Tungenes prosti
Kvitsøy kommune Kvitsøy sokn
Gjesdal kommune Gjesdal sokn Ålgård sokn
Randaberg kommune Grødem sokn (utskild frå Randaberg i 1999) Randaberg sokn
Sola kommune Ræge sokn Sola sokn Sørnes sokn Tananger sokn
Kjelder
Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter prosti Kyrkjer i Noreg etter kommune
Bakgrunnsstoff Nettsida til Den norske kyrkja
Kategori:Prosti i Stavanger bispedømme Kategori:Jæren Kategori:Ryfylke