mini|Eidsberg kyrkje Østre Borgesyssel prosti er eit tenestedistrikt i Borg bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Aremark, Aurskog-Høland, Indre Østfold, Marker, Rakkestad og Skiptvet i Østfold fylke. Prosten har sete på Mysen.

Historie Prostiet vart skipa i 1749. Då vart prestegjelda Aremark, Askim, Eidsberg, Rakkestad, Rødenes og Trøgstad skilde ut frå Øvre Borgesyssel prosti. Prostiet hadde frå starten namnet Mellom Borgesyssel prosti. Namnet vart endra til Østre Borgesyssel ved opprettinga av Borg bispedøme i 1973.

Sokn Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

Det er 23 sokn i prostiet (2024). SoknKyrkje(r)Kyrkjeleg fellesrådAremark soknAremark kyrkje Holmgill kyrkjeAremarkAskim soknAskim kyrkjeIndre ØstfoldAurskog soknAurskog kyrkje Mangen kapellAurskog-HølandBjørkelangen soknBjørkelangen kyrkjeAurskog-HølandBåstad soknBåstad kyrkjeIndre ØstfoldEidsberg soknEidsberg kyrkjeIndre ØstfoldHobøl soknHobøl kyrkjeIndre ØstfoldHærland soknHærland kyrkjeIndre ØstfoldKlund soknKlund kyrkjeMarkerLøken soknLøken kyrkjeAurskog-HølandMysen soknMysen kyrkjeIndre ØstfoldRakkestad soknDegernes kyrkje Os kyrkje i Borg

Rakkestad kyrkjeRakkestadRødenes soknRødenes kyrkjeMarkerRømskog soknRømskog kyrkjeAurskog-HølandSetskog soknSetskog kyrkjeAurskog-HølandSkiptvet soknSkiptvet kyrkjeSkiptvetSpydeberg soknHeli kyrkje Hovin kyrkje

Spydeberg kyrkjeSpydebergSøndre Høland soknSøndre Høland kyrkjeAurskog-HølandTomter soknTomter kyrkjeIndre ØstfoldTrøgstad soknTrøgstad kyrkjeIndre ØstfoldTrømborg soknTrømborg kyrkjeIndre ØstfoldØrje soknØrje kyrkjeMarkerØymark soknØymark kyrkjeMarker

Prestegjeld Tidlegare var prestetenesta organisert gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Østre Borgesyssel desse prestegjelda:

Eidsberg prestegjeld med Eidsberg sokn Trømborg sokn Mysen sokn Hærland sokn

Marker prestegjeld med Øymark sokn Rødenes sokn Aremark sokn Rømskog sokn Ørje sokn Klund sokn

Rakkestad prestegjeld med Rakkestad sokn Degernes sokn Os sokn i Borg

Askim prestegjeld med Askim sokn

Trøgstad prestegjeld med Trøgstad sokn Båstad sokn

Referansar

Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter kommune Kyrkjer i Noreg etter prosti Prosti i Den norske kyrkja

Bakgrunnsstoff

Kategori:Borg bispedømme Kategori:Prosti i Noreg Kategori:Skipingar i 1749 Kategori:Østfold fylke Kategori:1749 i Noreg