Akhurjan er ei elv i dei sørlege områda av Kaukasus. Ho har utspring i Armenia, og strøymer langs grensa til Tyrkia, og fungerer som den geografiske grensa mellom dei to landa. Til slutt munnar ho ut i elva Aras, som ei sideelv, nær Bagaran. Akhurjan har eit nedslagsfelt på om lag 9 500 km² og er 186 km lang.

Gjumri, den nest største byen i Armenia, ligg på austsida av elva. Langs Akhurjan finn ein også fire av dei tolv tidlegare hovudstadane i Armenia: Ani, Bagaran, Jervandasjat og Sjirakavan.

Soge Då den bysantinske hæren kom til provinsen Sjirak i 1041, samla armenske adelsmenn (nakhararar) seg i lag mot dei, kommandert av Pahlavuni-generalen Vahram Pahlavouni. Vahram samla saman 30 000 infanteristar, og eit kavaleri på 20 000 og danna tre divisjonar som kjempa mot bysantinarane.History of Armenia by Father Michael Chamich from B.C. 2247 to the Year of Christ 1780, or 1229 of the Armenian era – Side 124 av Mikajel Tsjamtsjiants Slaget som følgde enda med at bysantinarane vart slakta. Kampane skal ha vore så kraftige at all blodet som rann ut i Akurjan farga vatnet raudt.History of Armenia: From B.C. 2247 to the Year of Christ 1780, Or 1229 of the Armenian Era – Side 124 av Michael Chamich, John Audall, Mikajel Tsjamtsjiants, Hovhannēs Avdaleants – 1827 Bysantinarane etterlét 20 000 omkomne. Sigeren gjorde at Vahram Pahlavuni i lag med katolikos Petros Guedadarts kunne krone Gagik II som konge av Armenia og så ta festninga i Ani, som var i hendene på Vest Sarkis.

Brua over Akhurjan Brua over Akhurjan kan gå heilt tilbake til Bagratuni-dynastiet,A system of geography, popular and scientific: or A physical, political, and statistical account... – Side 143 av James Bell – 1832 men sannsynlegvis er ho frå 1200-talet. Ein inskripsjon ein har funne i nærleiken seier at det vart gjort arbeid på vegen fram til brua tidleg på 1300-talet.

Brua var bygd opp av ein enkel boge, som i dag har fall ned, og berre høge landfeste, som kan ha vore del ein av ein kraftig port, står igjen. På 1800-talet fortalte reisande om eit vakthus like ved brua, men dette har gått tapt.

Kjelder

Kategori:Elvar i Armenia Kategori:Elvar i Tyrkia Kategori:Internasjonale elvar i Asia Kategori:Internasjonale elvar i Europa Kategori:Den armensk-tyrkiske grensa