Almsee er ein innsjø i Øvre Austerrike i Almtal, sør for byen Grünau im Almtal. Innsjøen ligg i dei nordlege områda av fjella Totes Gebirge og er om lag 2,3 km lang og 700 m brei. Vatnet frys til kvar vinter, og det er ein populær stad for å stå på skeiser og spele curling. Svømming, bading og dykking er derimot forbode på grunn av det rike fiskelivet. Av fiskeartane i innsjøen finn ein bekkerøye, røye, bekkeaure, regnbogeaure og harr.

Konrad Lorenz gjorde viktige observasjonar av grågåsa i innsjøen.

Kategori:Innsjøar i Austerrike