Pfänder er eit fjell i Voralberg i Austerrike, like ovanfor Bodensjøen. Frå fjellet har ein eit flott utsyn over heile sjøen og heile 240 andre fjelltoppar i Tyskland, Austerrike og Sveits, og fjellet er det mest vidkjente utsiktspunktet i området.
I god sikt kan ein sjå frå Allgäu- og Lechdalen i Alpane i aust, Bregenzwald, dei bratte Silvrettafjella i Arlberg-regionen og Rätikon til dei sveitsiske fjella og foten av Schwarzwald i vest. Under ligg innsjøen Bodensjøen med Rhindalen rundt.
Bakgrunnsstoff Offisiell side Side for kabelvogna som går opp fjellet
Kategori:Fjell i Austerrike Kategori:Fjell i Alpane