mini|Namnetrekket til Annie Oakley. Anni, Annie og Anny er kvinnenamn som opphavleg var engelske kjæleformer av Ann og Anne. Desse namna er igjen avleidde av Hannah, som kjem frå det hebraiske ordet for «gunst» eller «nåde», channah.

Popularitet I nyare tid har namna Anny og Annie hatt størst popularitet som døypenamn i Noreg frå om lag 1900 til 1940.

Anni var i 2004 eit av dei mest populære døypenamna i Finland.

Kjende namneberarar mini|Annie Lööf Annie Besant (1847–1933), britisk teosof Annie Oakley (1860–1926), amerikansk skodespelar og skarpskyttar Annie Skau Berntsen (1911–1992), norsk misjonær Annie Riis (f. 1927), norsk forfattar Annie Girardot (1931–2011), fransk skodespelar Annie Proulx (f. 1935), amerikansk forfattar Liv-Anny Sæterdal (f. 1942), norsk forfattar Anni-Frid Lyngstad (f. 1945), svensk musikar (ABBA) Annie Leibovitz (1949), amerikansk fotograf Annie Lennox (f. 1954), britisk musikar Anne Lilia Berge Strand (f. 1977), kjend som Annie Anni-Kristiina Juuso (f. 1979), finsk-samisk skodespelar Annie Lööf (fødd Johansson, 1983), svensk politikar Annie Valentina Sjubinskaja Presthus (f. 1996), norsk fiolinist kjend som Tina Presthus

Annan bruk Anny – en gatepiges roman er ein norsk film frå 1912 Musikalen Annie, som òg er blitt filmatisert, er basert på teikneserien Little Orphan Annie Annie Get Your Gun er ein amerikansk musikal inspirert av livet til Annie Oakley Annie Hall, ein film av Woody Allen

Kategori:Kvinnenamn Kategori:Førenamn av hebraisk opphav Kategori:Førenamn av engelsk opphav