Anette Hoff () er ein norsk skodespelar frå Drøbak i Akershus. Hoff er mest kjend for rolla som Juni Anker-Hansen i såpeserien Hotel Cæsar på TV 2, ei rolle ho har hatt samanhengande sidan 1998.
Karriere Hoff arbeidde som sufflør og statist ved Nationaltheatret i perioden 1985–1988. Frå 1989 har ho arbeidd som frilansskodespelar. For rolla i Hotel Cæsar vart ho kåra til beste TV-skodespelar under Gullruten 1999, og ho fekk dessutan heidersprisen under Gullruten 2010 saman med medskodespelar Sossen Krohg. Hoff medverka i heile serien og hadde òg regi på nokre episodar.
Hoff har i tillegg mellom anna spelt rolla som Torgny i Spelet om St. Hallvard på Gilhus i Lier. Spelet hadde premiere 13. august 2008. Ho står bak den norskspråklege dubbingstemma til Petunia Dumling i Harry Potter-filmane. I 2010 tok Hoff seg ein seks månaders pause frå Hotel Cæsar-settet for å spele i Riksteatret si oppsetjing og turné av Kven er redd for Virginia Woolf?, der ho spela Martha. Ho spela Blåmor i Jul i Blåfjell i 2011. Sommaren 2012 spela ho Kjerring Bråte i vikingmusikalen Herøyspelet Kongens Ring.
Hoff var deltakar i realityserien Spillet i 2024 og i talentprogrammet Kokkeskolen i 2025.
Privatliv Hoff er gift med skodespelaren Nils Ole Oftebro og saman har dei sonen Jonas Hoff Oftebro.
Kjelder
Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Vinnarar av Gullrutens heiderspris Kategori:Folk frå Frogn