Bent Kristian Ødegård () er ein norsk programleiar og regissør frå i Oslo. Han er kjend for å ha stått bak serien Nissene på låven på TVNorge og for si etterlikning av Roald Øyen i rolla som programleiar for påske- og julenøttene på TV 2. Han vart for fullt kjend då han vann Ødegård Skal vi danse på TV2 i 2006. I tillegg er han kjend for sitt samarbeid med Dag Otto Lauritzen i programma På hjul med Dag Otto, På tur med Dag Otto, Huskestue og Kompani Lauritzen.
Bakgrunn Kristian Ødegård vaks opp i Oslo. I ein alder av åtte byrja han på danskeskule. Han er utdanna ved Lambertseter videregående skole, Luftforsvarets befalsskole frå 1993 til 1994 og Westerdals reklameskole frå 1996 til 1998.
I samband med produksjonen av Nissene på låven i 2001, stifta Ødegård selskapet Seefood TV saman med Espen Eckbo og Aleksander Herresthal.
I 2006 var Ødegård med som kjendisdeltaker i underholdningsprogrammet Skal vi danse på TV 2. Ødegård vann konkurransen og året etter vart han programleiar for det samme programmet saman med Guri Solberg. Ødegård har òg vore programleiar for Gullfisken og ei rekkje andre arrangement.
Frå 2010 sykla Ødegård rundt i Europa saman med Dag Otto Lauritzen i programmet På hjul med Dag Otto, frå og med tredje sesong endra dei namnet til På tur med Dag Otto.
TV-produsent Nissene på låven, TVNorge 2001 Nissene bak låven, TVNorge 2002 På klozz hold, TVNorge, 2002 Tonight med Timothy Dahle, TV 2 2003 TV 2-nøttene, TV 2 2004–2008 Jul i Tøyengata, TVNorge 2006 Lille Nøtteaften, TV 2 2006–2008 Nissene over skog og hei, TVNorge 2011
Programleiar Nissene på låven, TVNorge, 2001 TV 2-nøttene, TV 2, 2004–2008 Lille Nøtteaften, TV 2 2007–2008 Skal vi danse, TV 2, 2007–2010 Gullfisken, TV 2, 2008 På hjul med Dag Otto, TV 2, 2010 og 2013 På tur med Dag Otto, TV 2, 2014–2018 Huskestue, TV 2, 2015–2022 Kompani Lauritzen, TV 2, 2020–2022
Prisar Gullblyanten, gull i samfunnsinfo, 1999, sølv i interaktive medier, 2000 Aftenpostens revypris, 2000 Nissene på låven nominert til Amandaprisen 2002 i klassen beste dramatiske fjernsynsproduksjon Gullrutennominert for beste humorprogram, TV 2-nøttene, 2005 og 2006 Gullruten 2016 i klassen beste mannlige programleder for Huskestue Nominasjonar Nominert til Gullruten 2018 i klassen beste mannlige programleder for Huskestue Nominert til Gullruten 2019 i klassen beste programleder sammen med Dag Otto Lauritzen for På tur med Dag Otto Nominert til Gullruten 2022 i klassen publikumsprisen sammen med Dag Otto Lauritzen for Kompani Lauritzen
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kristian Ødegård» frå , den 6. november 2022.
Bakgrunnsstoff
Kristan Ødegård - Fjernsynsprodusent og tulleprogramleiar
Kategori:Norske komikarar Kategori:Norske programleiarar Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Programleiarar for TV Norge Kategori:Norske Skal vi danse-deltakarar