Harald Johnstein Rønneberg () er ein norsk programleiar som er mest kjend frå fjernsynsprogrammet Senkveld med Thomas og Harald på TV 2. Rønneberg var å sjå på fjernsyn for første gong i januar 2003 då han saman med Thomas Numme leia første sesong av songkonkurransen Idol. Hausten same år fekk han, saman med makkeren sin Thomas Numme, oppgåva med å leie TV 2 sitt nye fredagsprogram, Senkveld. Dei to leia programmet fram til 2018.
Rønneberg har vunne Gullruten fem gongar, mellom anna for beste mannlege programleiar i 2006 og publikumsprisen i 2004.
Kjelder
Kategori:Norske programleiarar Kategori:Programleiarar for TV2 Kategori:Norske Idol-programleiarar