Damaskus () er hovudstaden og den nest største byen i Syria etter Aleppo. I Syria vart byen òg kalla ash-Sham () og kallenamnet er Sjasminbyen (). I tillegg til å vere ein av dei eldste kontinuerleg busette byane i verda, er Damaskus eit stort senter for kultur og religion i Levanten. I 2023 hadde byen ein folkesetnad på 2 584 771.
Byen ligg sørvest i Syria og er senteret i eit storbyområde med 2,6 millionar menneske (2004).Syrisk statistisk sentralbyrå Folketeljing i Syria i 2004 Geografisk ligg byen i dei austlege forberga til Anti-Libanonfjella, 80 km aust for kysten av Middelhavet på eit platå 680 meter over havet. Damaskus har eit halvtørt klima på grunn av regnskuggen frå desse fjella. Elva Barada flyt gjennom Damaskus.
Han vart først busett i det andre tusenåret fvt. og vart vald til hovudstad i Omajade-kalifatet frå 661 til 750. Etter sigeren til abbasidane vart hovudsetet for den islamske makta flytta til Bagdad. Damaskus vart politisk mindre viktig medan abbasidane styrte, og byrja først å bløme att under Ajjubide-dynastiet og mamelukkane. Under det osmanske styret var byen igjen i nedgang, men heldt ein viss kulturell prestisje. I dag er han sete for dei sentrale styresmaktene og heile regjeringa.
Byen har gjeve opphav til namna på damask og damaskusstål.
Etymologi Namnet «Damaskus» vart først nedskrive i ei geografisk liste av Thutmose III som «T-m-ś-q» på 1400-talet fvt.List I, 13 in J. Simons, Handbook for the Study of Egyptian Topographical Lists relating to Western Asia, Leiden 1937. Sjå òg Y. AHARONI, The Land of the Bible: A Historical Geography, London 1967, p147, nr. 13. Opphavet til namnet «T-m-ś-q» er uvisst, men ein trur det er før-semittisk. Han vert kalla Dimašqa på akkadisk, T-ms-ḳw på egyptisk, Dammaśq (hebraisk דמשק) på arameisk og Dammeśeq (hebraisk דמשק) på bibelhebraisk. Den akkadiske stavinga finst i Amarnabreva frå 1300-talet fvt. Seinare arameiske stavingar av namnet innheld ofte ein innskoten resh (bokstaven r), kanskje påverka av rota dr, som tyder «bustad». Dermed vart det på qumransk Darmeśeq (hebraisk דרמשק) og Darmsûq (ܕܪܡܣܘܩ) på syrisk. Det latinske namnet på byen er «Damascus» og vart henta frå gresk Δαμασκός, som kom frå arameisk (hebraisk דרמשק, «ein godt fukta stad». På arabisk vert byen kalla Dimashqu sh-Shām (arabisk دمشق الشام), sjølv om dette som regel vert korta ned til anten Dimashq eller ash-Shām av innbyggjarane i Damaskus, Syria og arabiske naboar. Ash-Shām er eit arabisk namn på «Levanten» og for «Syria», sistnemnde då særleg den historiske regionen Syria, som vert kalla Bilādu sh-Shām (arabisk بلاد الشام / «Landet i Levanten»).
Historie
Tidleg busetnad Karbon-14-datering ved Tell Ramad, i utkanten av Damaskus, indikerer at staden kan ha vore busett sidan andre halvdel av 6000-talet fvt., moglegvis kring 6300 fvt.Moore, A.M.T. Paleolithic of the Levant. Oxford, UK: Oxford University, 1978. 192–198. Print. Spor etter busetnader kring Barada er daterte attende til 9000 fvt., sjølv om det ikkje fanst nokre større busetnader innanfor murane til Damaskus før 1000-talet fvt.
Damaskus var ein del av den antikke provinsen Amurru i kongedømet Hyksos, frå 1720 til 1570 fvt.MacMillan, s. 30–31 Somme av dei tidlegaste egyptiske kjeldene er frå 1350 fvt. Amarnabreva, då Damaskus (kalla Dimasqu) vart styrt av kong Biryawaza. Damaskus-regionen, i tillegg til resten av Syria, vart ei slagmark kring 1260 fvt., mellom hettittane frå nord og egyptarane frå sør, og enda med ein signert avtale mellom Hattusili og Rameses II der førstnemnte gav Damaskusområdet til Rameses II i 1259 fvt. Då havfolka kom til området, kring 1200 fvt., markerte det slutten på bronsealderen i regionen og nye utviklingar innan krigføring. Damaskus var berre ein mindre del av dette biletet som i hovudsak råka dei største byane i det antikke Syria. Men desse hendingane hadde medverka til å utvikle Damaskus som eit nytt viktig senter som steig fram i overgangen mellom bronsealderen og jarnalderen.
Damaskus er nemnt i Fyrste mosebok 14:15 som ein by som fanst på tida under kongekrigane. I følgje den jødiske historikaren Flavius Josefus frå det første hundreåret vart Damaskus (i lag med Trakonitis), grunnlagd av Uz, sonen til Aram.
Aram-Damaskus Damaskus er ikkje dokumentert som ein viktig by før aramearane, eit semittisk folk frå Mesopotamia, kom hit på 1000-talet fvt. Ved starten av det første tusenåret fvt. vart det danna fleire arameiske kongedøme då aramearane enda det nomadiske levesettet sitt og danna samanslutta stammestatar. Eit av desse kongedøma var Aram-Damaskus, med Damaskus som hovudstad. Aramearane som gjekk inn i byen utan kamp, gav han namnet «Dimashqu». Dei merka seg jordbrukspotensialet til dette området som framleis var underutvikla og tynt folkesett, og dei oppretta vassfordelingssystemet til Damaskus ved å bygge kanalar og tunnelar som fordelte vatnet frå elva Barada. Det same nettverket vart sidan utbetra av romarane og omajadane, og dannar framleis grunnlaget for vassystemet i den eldste delen av byen i dag. Aramearane omgjorde opphavleg Damaskus til ein utpost av eit laust forbund av arameiske stammer, kalla Aram-Zobah, basert i Beqaadalen.
Byen fekk eit fortrinn i det sørlege Syria etter at Ezron, tronpretendenten til Aram-Zobah, vart nekta trona av forbundet, flykta frå Beqaa og erobra Damaskus med tvang i 965 fvt. Ezron styrta guvernøren i byen og grunnla den sjølvstendige staten Aram-Damaskus. Etter kvart som denne nye staten ekspanderte sørover, hindra han Kongedømet Israel frå å utvide nordover. Dei to kongedøma hamna snart i strid sidan dei begge ønskte å dominere handelen i aust. Under barnebarnet til Ezron, Ben-Hadad I (880–841 fvt.), og etterfølgjaren hans Hazael, annekterte Damaskus Bashan (i dag regionen Hauran), og gjekk til krig mot Israel. Denne konflikten heldt fram til tidleg på 700-talet fvt. då Ben-Hadad II vart erobra av Israel etter ei mislukka kringsetjing av Samaria. Som følgje av dette gav han Israel handelsrettar i Damaskus.
Ei anna mogeleg årsak til avtalen mellom Aram-Damaskus og Israel var trugselen mot dei begge frå Det nyassyriske riket som prøvde å ekspandere til kysten av Middelhavet. I 853 fvt. leia kong Hadadezer av Damaskus ein levantinsk koalisjon, med styrkar frå det nordlege kongedømet Aram-Hamath og soldatar frå kong Ahab av Israel, i slaget ved Qarqar mot den nyassyriske hæren. Aram-Damaskus kom sigrande ut, og hindra ei stund assyrarane frå å trenge inn i Syria. Etter at Hadadzezer vart drepen av etterkomaren sin, Hazael II, braut den levantinske alliansen saman. Aram-Damaskus prøvde å invadere Israel, men vart hindra av ein ny assyrisk invasjon. Hazael gav ordre om attendetrekking til bymurane i Damaskus medan assyrarane plyndra resten av kongedømet. Dei klarte ikkje å gå inn i byen, men erklærte at dei hadde teke over dalane Hauran og Beqa.
På 700-talet fvt. var Damaskus i praksis omringa av assyrarane og gjekk inn i ei dyster tid. Likevel vart han verande eit økonomisk og kulturelt senter i Det nære austen og eit senter for den arameiske motstandsrørsla. I 727 fann det stad eit opprør i byen, men dette vart slått ned av assyriske styrkar. Etter at Assyria drog rundt i heile Syria for å roe ned opprør, vart Damaskus fullstendig underlagt deira styre. Ein positiv effekt av dette var stabilitet for byen og nytte av krydder- og røykjelsehandel med Arabia. Det assyrisk styret vakla kring 609–605 fvt., og Syria-Palestina var på veg inn i området til farao Necho II frå Egypt. I 572 var heile Syria blitt erobra av Det nybabylonske riket, men kva status Damaskus hadde under Babylon er relativt ukjend.
Antikken mini|Ruinane av Jupitertempelet ved inngangen til Al-Hamidiyah Souq. venstre|mini|Den beine gata i Damaskus, som i Bibelen vert omtalt som «Den beine». Damaskus vart erobra av Aleksander den store. Etter at Aleksander døydde i 323 fvt., kjempa Selevkidriket og Det ptolemaiske dynastiet om byen. Begge sider hadde i kortare periodar kontroll over Damaskus. Selevkos I Nikator, ein av generalane til Aleksander, gjorde Antiokia til hovudstad i det enorme riket sitt, noko som førte til at Damaskus vart mindre viktig samanlikna med nye selevkidiske byar som Latakia i nord. Seinare bygde Demetrius III Filopator om byen etter det greske Hippodamos-systemet og gav han namnet «Demetrias».
I 64 fvt. annekterte den romerske generalen Pompeius den vestlege delen av Syria. Romarane okkuperte Damaskus og tok han med i ein liga på ti byar kalla Dekapolis fordi han vart rekna som eit viktig senter for gresk-romersk kultur. I følgje Det nye testamentet var apostelen Paulus på veg til Damaskus då han fekk eit syn av Jesus som gjorde at han aksepterte Jesus som Messias. I år 37 overførte den romerske keisaren Caligula Damaskus til nabataisk kontroll. Den nabataiske kongen Aretas IV Filopatris styrte Damaskus frå hovudstaden sin Petra. Men kring år 106 vart Nabataea erobra av romarane, og Damaskus kom igjen under romersk kontroll.
Damaskus vart ein metropol ved starten på 100-talet og i 222 vart han oppgradert til ein koloni av keisar Septimius Severus. Under Pax Romana byrja Damaskus og den romerske provinsen Syria å bløme. Damaskus var viktig som karavaneby med handelsruter til det sørlege Arabia, Palmyra, Petra, og silkevegen frå Kina.
Lite er att etter den romerske arkitekturen, men byplanlegginga av gamlebyen hadde varig effekt. Dei romerske arkitektane førte saman det greske og arameiske fundamentet til byen og danna ei ny planløysing som målte kring 1500 meter gonger 750 meter, omgjeve av ein bymur. Bymuren hadde sju portar, men berre den austlege porten (Bab Sharqi) er att frå romartida. Det romerske Damaskus ligg stort sett opp til fem meter under den moderne byen.
Den gamle bydelen Bab Tuma vart utvikla mot slutten den bysantinske tida av den lokale austleg-ortodokse folkesetanden. I følgje Apostelgjerningane budde både apostelen Paulus og apostelen Thomas i dette nabolaget. Katolske historikarar reknar òg Bab Tuma som fødestaden til fleire pavar, som Johannes V og Gregorius III.
Den islamske arabiske tida mini|Borggarden føre Omajademoskeen. Etter at det meste av den syriske landsbygda vart erobra av Rashidun-kalifatet under regjeringstida til kalif Omar, vart sjølve Damaskus erobra av den muslimske generalen Khalid ibn al-Walid i august-september 635 fvt. Armeen hans hadde tidlegare prøvd å ta byen i april 634, men utan suksess. No når Damaskus var kome under dei muslimske arabarane, ønskte bysantinarane å ta attende den prestisjefylte byen i Det nære austen. Under keisar Heraklios sette bysantinarane saman ein hærstyrke som var større enn den til rashidunane. Dei rykka inn i sørlege Syria våren 636 og styrkane til Khalid ibn al-Walid trekte seg attende frå Damaskus for å førebu ei ny framrykking. I august møttes dei to styrkane langs Yarmouk der dei kjempa eit stort slag som enda med ein avgjerande muslimsk siger der dei fekk kontroll over Syria og Palestina.