Mostar (bosnisk kyrillisk Мостар) er ein by og ein kommune i kantonen Herzegovina-Neretva innanfor Føderasjonen Bosnia-Hercegovina, den eine av dei to føderative einingane («entitetane») som staten Bosnia-Hercegovina er delt inn i på grunnlag av Daytonavtalen.
Byen er den femte største byen i landet, og er hovudsete i kantonen og ein uoffisiell hovudstad i den tradisjonelle regionen Hercegovina. I 2013 hadde kommunen 105 797 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 60 195.
Etter Daytonavtalen vart byen Mostar og det meste av den tidlegare kommunen liggjande i Føderasjonen Bosnia-Hercegovina. Ein mindre del vart liggjande i Den bosniske serbarrepublikken som kommunen Istočni Mostar.
Mostar har fått namn etter den gamle brua Stari most over elva Neretva, og tårna på båe sider av elva, dei såkalla «bruvaktarane» (mostari). Den 9. november 1993 vart Stari most, som hadde stått sidan midten av 1500-talet, øydelagd av kroatiske styrkar. Etter krigen vart brua rekonstruert og opna att den 23. juli 2004.
Folketal Dei største busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:
Folketal 1991 Folketal 2013 Mostar 75 865 60 195 2 211 3 637 3 464 3 266 4 499 3 257 3 168 3 061 2 915 2 585 1 804 2 531 2 921 2 183 Kommunen Mostar 126 612 105 797
Folk frå Mostar Goran Jurić, fotballspelar
Galleri
Kjelder Referansar
Bakgrunnsstoff
Bosnian National Monument - Muslibegovica House
Kategori:Byar i Bosnia-Hercegovina Kategori:Byar og tettstader i kantonen Herzegovina-Neretva Kategori:Kommunar i kantonen Herzegovina-Neretva