Burgassjøen (Бургаско езеро) eller Vajasjøen (езеро Вая) er ein innsjø nær Svartehavet like vest for byen Burgas, og den største naturlege innsjøen i Bulgaria med eit areal på 27,60 km², ei lengd på 9,6 km og ei breidd på 2,5 til 5 km. Han er opp til 1,3 m djup.

Innsjøen inneheld relativt lite salt samanlikna med enkelte andre av Burgassjøane (om lag 4-11 %), og har eit stort mangfald av dyreartar, inkludert 60 fiskeartar, 60 typar virvellause dyr og 254 fugleartar (der 61 av dei er utryddingstrua i Bulgaria)

Tidlegare var innsjøen eit viktig fiskeområde, men etter at ein oppretta eit petrokjemisk anlegg i nærleiken forsvann mykje av fisken. Dei siste åra har derimot forureinga vorte mindre og dyrelivet har teke seg opp att.

mini|venstre|300px|Neftochimrafineriet sett frå andre sida av innsjøen

Kjelder Michev, Nikolay; Tsvetko Mihaylov, Ivan Vaptsarov, Svetlin Kiradzhiev (1980). Geographical dictionary of Bulgaria. Sofia: Nauka i izkustvo.

Denne artikkelen bygger på «Lake Burgas» frå , den 22. februar 2007.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Burgassjøane