Hans øy (grønlandsk Tartupaluk, dansk Hans Ø, fransk île Hans, engelsk Hans Island) er ei øy i Kennedykanalen mellom Grønland og Ellesmere Island med posisjon 80°49'N, 66°26'V. Øya ligg kring 350 km nord for den nordlegaste grønlandske busetnaden Qaanaaq (Thule). Den næraste kanadiske tettstaden er Ausuittuq (Grise Fjord), 700 km sør. Den nordlegaste bemanna radio- og vêrstasjonen i verda er Alert, 200 km nord. Det er normalt berre mogleg å koma til øya med båt på spesielt milde somrar.

Øya er ei avlang og gold landtunge på 1,3 km², hovudsakleg av kalkstein. Øya vart oppkalla etter den grønlandske guiden Hans Hendriksen Suerssaq under ein amerikansk polarekspedisjon leia av Charles Francis Hall mellom 1871 og 1873.

Whiskykrigen Frå 1973 til 2022 gjorde både Canada og Danmark krav på øya. Øya kan verta viktig om det på grunn av global oppvarming vert opna ein sjøveg nord om Canada til Stillehavet.

Striden tok seg opp etter at den danske fregatten KDM «Vædderen» patruljerte i området mellom Ellesmere Island og Grønland og heiste det danske flagget Dannebrog på Hans Øy den 13. august 2002. I august 2003 vart flagget utskift av mannskapet på kanadiske HDMS «Triton». Det danske og kanadiske militæret vitja øya jamleg, der dei fjerna motparten sitt flagg og heiste opp sitt eige. I tillegg la danskane alltid att ei flaske dansk snaps, når kanadiarane vitja øya erstatta dei ho med ei flaske kanadisk whisky.

I 2018 vart det oppretta ei arbeidsgruppe som skulle løyse problemet med den 1,3 kvadratkilometer store øya, og i november 2021 vart det semje om at dei to landa skulle overta kvar sin del av øya.

11. juni 2022 vart landa samde om at det skulle trekkast ei landgrense som følgjer kløfta som strekkjer seg over øya. Danmark får dimed si andre landegrense mot eit anna land, Canada. Den fyrste går mot Tyskland. Canada får også si andre landegrense. Den fyrste går mot USA.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Top of the World News - HDMS Triton sitt nyhendebrev. Danskene leder kampen om Nordpolen - Dagbladet.no Magasinet

Kategori:Grønlandske øyar Kategori:Øyar i Nunavut Kategori:Den grønlandsk-kanadiske grensa Kategori:Tidlegare omstridde område Kategori:Tidlegare omstridde øyar Kategori:Internasjonale øyar