mini|Kvinne som røystar i Polen. mini|Demonstrasjon for kvinneleg røysterett i New York i 1912 mini|Berre menn røysta ved dette valet i New York i 1900.
Røysterett for kvinner var ei av dei første store kampsakene for kvinnerørsla.
Historie Det oppstod mot slutten av det 1800-talet rørsler i fleire land som kjempa for at kvinner skulle få same røysterett som menn. Målet deira var først og fremst å få slutt på diskriminering av kvinner i høve til menn, ikkje nødvendigvis å innføre allmenn røysterett ved å fjerne diskriminering basert på økonomiske, religiøse eller rasemessige forhold.
Stemmeretten vart utvida til å gjelde kvinner på ulike tider i ulike land, og i mange tilfelle vart han også trekt attende etter nokre år. Det var også vanleg at kvinner hadde strengare vilkår for å få røysterett enn menn, for eksempel ved at berre gifte kvinner fekk retten.
Den første staden som innførte kvinneleg røysterett var New Jersey. Der vart det innført i 1776, men trekt attende i 1807. Pitcairnøyane var neste stad, i 1838. Deretter kom Sør-Australia i 1861, og så kom forskjellige territorier i USA.
Det første landet som innførte kvinneleg røysterett utan atterhald var New Zealand, rett før valet i 1893. Dette omfatta likevel berre røysteretten; det gjekk enda nokre år før kvinner kunne stille til val. Sør-Australia var den første staden som tillét kvinner å stille til val til parlamentet, i 1894, 33 år etter at kvinneleg røysterett vart innført.
Det første europeiske landet som innførte kvinneleg røysterett var Finland, som innførte allmenn røysterett og rett til å stille til val i 1906. Landet fekk i 1907 verdas første kvinnelege medlemmer av ei nasjonalforsamling, da 19 kvinner vart vald inn i riksdagen. Danmark innførte kvinneleg røysterett i lokalval i 1908 og i nasjonale val i 1915, mens Noreg innførte det for alle val i 1913.
Under første verdskrigen endra haldninga til kvinners evner og moglegheiter seg i fleire vestlege land, fordi kvinner vart sett inn i tradisjonelle mannsyrke for å fylle opp plassane til dei som var sende til fronten. I 1918 innførte Storbritannia røysterett etter nesten same vilkåra som for menn (fulle rettar vart gitt i 1928), mens kvinner i Tyskland fekk same rett som mennene. I 1920 vart kvinneleg røysterett innført i USA, og deretter fylgde dei fleste vestlege landa fram mot andre verdskrigen. Eit unntak var Frankrike, som først kom etter i 1945, samtidig som Japan.
Dei siste vestlege landa der kvinner fekk røysterett var Sveits (1971) og Liechtenstein (1984). Det er framleis nokre få land som ikkje har kvinneleg røysterett, dei fleste av dei med basis i visse tolkingar av Koranen. Bhutan skil ikkje mellom kvinner og menn, men i og med at landet har eit prinsipp om éi røyst per eigedom fører dette til at mange kvinner i røynda ikkje har røysterett.
År Land 1893 New Zealand 1902 Australia 1906 Finland 1913 Noreg 1915 Danmark, Island 1917 Sovjetunionen 1918 Austerrike, Tyskland 1919 Tsjekkoslovakia, Luxembourg, Nederland, Polen 1920 Canada, USA 1921 Sverige 1922 Irland 1927 Uruguay 1928 Storbritannia 1929 Ecuador 1930 Sør-Afrika (kvite) 1931 Spania, Sri Lanka 1932 Brasil, Thailand 1934 Cuba, Tyrkia 1935 Burma 1938 Bulgaria, Filippinene 1942 Den dominikanske republikken 1944 Frankrike 1945 Guatemala, Ungarn, Indonesia, Japan, Panama, Trinidad og Tobago 1946 Benin, Italia, Liberia, Romania, Jugoslavia 1947 Argentina, Malta, Togo, Venezuela, Vietnam 1948 Belgia, Israel, Nord- og Sør-Korea 1949 Chile, Costa Rica, India, Syria 1950 Barbados, El Salvador 1951 Nepal 1952 Bolivia, Hellas 1953 Kina, Jamaica, Mexico 1954 Columbia 1955 Etiopia, Ghana, Nicaragua, Peru 1956 Kamerun, Den sentralafrikanske republikken, Tsjad, Kongo, Egypt, Gabon, Guinea, Elfenbeinskysten, Laos, Madagaskar, Mali, Mauritania, Niger, Pakistan, Senegal, Sudan, Tunis, Burkina Faso 1957 Haiti, Honduras, Libanon, Malaysia 1958 Albania, Algerie, Irak, Somalia 1959 Kypros, Mauritius, Marokko 1960 Nigeria, Zaire 1961 Burundi, Gambia, Paraguay, Rwanda, Sierra Leone, Tanzania 1962 Uganda 1963 Iran, Kenya, Libya 1964 Afghanistan, Malawi, Zambia 1965 Botswana, Singapore 1966 Guyana, Lesotho 1967 Sør-Yemen 1968 Sør-Jemen 1969 Swaziland 1970 Fiji 1971 Sveits 1972 Bangladesh 1974 Jordan 1976 Portugal 1984 Liechtenstein 2005 Kuwait
Land utan kvinneleg røysterett per 2006
Landa som ikkje har røysterett, eller ulike reglar for kvinner og menn, er:
Brunei – ingen kvinneleg røysterett Dei sameinte arabiske emirata – ingen kvinneleg røysterett Libanon – kvinner må ha utdanning for å røyste, menn treng ikkje dette. Det er obligatorisk for menn å røyste og valfritt for kvinner. Saudi-Arabia – ingen kvinneleg røysterett
Nett innført: Kuwait er det siste landet så langt som innførte kvinneleg røysterett, i 2005.
Røysterett, kvinneleg Kategori:Kvinnehistorie Kategori:Kvinnerørsla Røysterett, kvinneleg