Murter er ei øy i Adriahavet utanfor kysten av Kroatia og Dalmatia, i øygruppa utanfor byen Šibenik.

Administrativt er øya delt mellom to kommunar i fylket Šibenik-Knin. Den nordvestlege delen av øya høyrer til kommunen Murter-Kornati, som òg omfattar øygruppa Kornati. Her ligg den største landsbyen på øya, som òg heiter Murter. Resten av øya høyrer, saman med eit område på fastlandet, til kommunen Tisno. Her ligg den vesle landsbyen Betina nord på austsida av øya, medan Jezera ligg i sør. Landsbyen Tisno ligg dels på øya og dels på fastlandet.

Øya hadde i 2021 4 628 innbyggjarar. 97,6 % av innbyggjarane er kroatar.

Geografi mini|venstre|Brua til fastlandet ved Tisno Øya ligg nordvest i øygruppa utanfor Šibenik, og berre 20 meter frå fastlandet ved Tisno, der det går ein 20 meter brei kanal. Ei 37 meter lang klaffebru strekkjer seg over kanalen. Øya har eit areal på 18,7 km², og det høgaste punktet er Raduč med 125 meter over havet.

Den sørvestlege sida av øya er bratt med fleire viker med sandstrender innimellom. Øya har òg fleire steinstrender.

Historie Øya har vore busett i nesten 2000 år. Ein illyrisk-romersk busetnad kalla Colentum vart grunnlagd nær Betina. Dokument viser at Murter vart kalla Villa Magna i 1293, som tyder «stor landsby». På 1200-talet er det dokumentert to busetnadar på øya, Jezera og Veliko selo (no Murter), og øya vart nemnd i 1318 som Insula Mortari. Betina og Tisno vart mest sannsynleg grunnlagd på 1400-talet då osmanarane gjekk til åtak på området. Folketal på øyane auke då folk rømde frå tyrkarane.

Folketal Busetnadene på øya ved dei siste folketeljingane var:

Kommune Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Murter Murter-Kornati 2 068 2 025 1 920 Tisno Tisno 1 377 1 287 1 192 Tisno 841 886 798 Tisno 774 697 718 Øya Murter 5 060 4 895 4 628

Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane, fordelt på kommunane, var:

Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Del av Murter-Kornati 2 068 2 025 1 920 Del av Tisno kommune 2 992 2 870 2 708

Merknader

Kjelder Referansar

Bakgrunnsstoff Murter på infoadriatic.com

Kategori:Øyar i Kroatia