Šolta er ei øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia. Ho ligg vest for Brač (på andre sida av Splitsundet), sør for Split og aust for Drvenik Veliki og Drvenik Mali. Ho har eit areal på 58,98 km².Statistisk årbok 2006 for Kroatia Administrativt er heile øya ein kommune med same namn i fylket Split-Dalmatia.

Den høgaste toppen på Šolta er Vela Straža,General Encyclopedia of Yugoslavian Lexicographic Institute, volume 8 (Zagreb, 1982) som er 238 meter høg. På nordaustsida av øya ligg dei store vikene Rogač og Nečujam. I vestlege delar av det indre Šolta ligg det ei jordbruksslette som er om lag 6 km lang og 2 km brei.

mini|venstre|Satellittbilete av Šolta

Hovudnæringa på øya er basert på vindyrking, oliven, frukt, fiske og turisme. Fleire landsbyar ligg borte frå kysten (Grohote, Gornje Selo, Srednje Selo, Donje Selo), medan Maslinica er den største fiskelandsbyen, som berre er utsett for nordvestleg vind, og dermed ei god hamn for mindre båtar.

Folketal Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane var:

Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Šolta kommune 1 479 1 700 1 975

Galleri

Kjelder Referansar

Bakgrunnsstoff

solta.hr

Kategori:Øyar i Kroatia