Manowar er ei heavy metal-gruppe frå delstaten New York i USA som vart stifta i 1980. Gruppa er kjend for tekstar som byggjer på fantasy og mytologi (særleg norrøn og gresk-romersk mytologi), og for ei rekkje songar som hyllar heavy metal-sjangerne og tilhengjarane hans. I 1984 kom Manowar i Guinness Rekordbok som verdas mest bråkete/høglytte gruppe for å ha hatt den høgaste opptredenen, ein rekord dei seinare slo to gonger. Dei har også verdsrekorden for den lengste heavy metal-konserten etter å ha spelt i fem timar og eitt minutt ved Kavarna Rock Fest i Bulgaria i 2008. I 2019 hadde Manowar selt over 20 millionar album på verdsbasis.
Album Battle Hymns, 1982 Into Glory Ride, 1983 Hail to England, 1984 Sign of the Hammer, 1984 Fighting the World, 1987 Kings of Metal, 1988 The Triumph of Steel, 1992 Louder Than Hell, 1996 Warriors of the World, 2002 Gods of War, 2007 Battle Hymns MMXI, 2010 The Lord of Steel, 2012 Kings of Metal MMXIV, 2014
Kjelder
Bakgrunnsstoff www.manowar.com
Kategori:USA-amerikanske heavymetalgrupper Kategori:Musikkgrupper frå delstaten New York Kategori:Musikkgrupper skipa i 1980