Olše eller Olza (tysk Olsa) er ei elv i Polen og Tsjekkia, og ei av sideelvane til Oder frå høgre. Ho renn frå Dei schlesiske Beskidane gjennom sørlege delar av Polen og Okres Frýdek-Místek og Okres Karviná i Tsjekkia. Fleire stadar dannar ho grensa mellom dei to landa. Ho munnar ut i Oder nord for Bohumín, på den tsjekkisk-polske grensa.
Elva har ei lengd på 99 km (16 km i Polen, 83 km i Tsjekkia) og eit nedslagsfelt på 1 118 km² (479 km² i Polen).
Elva er eit symbol på området Zaolzie, og den uoffisielle nasjonalsongen til den polske folkesetnaden i Tsjekkia, «Płyniesz Olzo po dolinie», omhandlar òg elva.
Byar og landsbyar langs elva (frå kjelda til munningen) Istebna Bukovec Písek Jablunkov Návsí Hrádek Bystřice Vendryně Lyžbice Třinec Konská Ropice Český Těšín / Cieszyn Chotěbuz Pogwizdów Louky nad Olší Kaczyce Darkov Fryštát Karviná Dětmarovice Závada Godów Věřňovice Kopytov Olza
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Olza River» frå , den 22. mars 2007.
Kategori:Elvar i Polen Kategori:Elvar i Tsjekkia