“Heroes” er det 12. studioalbumet til den engelske musikaren David Bowie, utgjeve 14. oktober 1977 på RCA Records. Etter han gav ut Low tidlegare på året, turnerte Bowie som klaverspelar for venen og songaren Iggy Pop. Då turneen var over, spelte dei inn det andre soloalbumet til Pop, Lust for Life i Hansa Tonstudio i Vest-Berlin før Bowie i lag med samarbeidspartnaren Brian Eno og produsenten Tony Visconti gjekk inn i same studioet for å spele inn “Heroes”. Det var det andre albumet i Berlintrilogien hans, etter Low og før Lodger (1979). Av dei tre albuma er dette det einaste som berre vart spelt inn i Berlin. Fleire av dei same musikarane frå Low vart med på denne innspelinga òg, i tillegg til King Crimson-gitaristen Robert Fripp.

Albumet vart spelt inn sporadisk i juli og august 1977. Dei fleste songane vart komponerte der og då i studioet, og tekstane vart ikkje skrivne før Bowie stod føre mikrofonen. Sjølve musikken er basert på kunstrock og eksperimentell rock, og byggjer på den elektroniske og ambiente stilen frå føregangaren, sjølv om tonen, atmosfæren og lidenskapen er meir positiv. Albumet følgjer òg den same strukturen som føregangaren, der side ein består av meir vanlege spor, medan side to hovudsakleg er instrumentalar.

Omslagsbiletet var i likskap med Iggy Pop sitt The Idiot, eit nikk til måleriet Roquairol av den tyske kunstnaren Erich Heckel. Då det kom ut selde “Heroes” godt og nådde tredjeplassen på UK Albums Chart og 35. plassen på den amerikanske Billboard 200. Det var det best likte albumet i Berlintrilogien då det kom ut, og NME og Melody Maker kåra det til årets album. Bowie marknadsførte albumet mykje og deltok på fleire fjernsynsprogram og intervju. Han marknadsførte både Low og “Heroes” med verdsturneen Isolar II gjennom 1978. Konsertopptak frå turneen er komen ut på Stage (1978) og Welcome to the Blackout (2018).

I seinare år har “Heroes” framleis fått gode meldingar, og mange hyllar korleis Bowie voks som artist og bidraga til Fripp. Sjølv om kritikarane har ein tendens til å sjå på Low som eit meir banebrytande album, vert “Heroes” rekna blant dei beste albuma og det mest innverknadsrike arbeidet til Bowie. Tittelsporet gjorde det i starten ikkje så godt som singel, men er blitt ein av dei mest kjende og respekterte songane til Bowie. Ein endra og tildekt versjon av plateomslaget vart sidan nytta som plateomslag på albumet The Next Day i 2013. Albumet er gjeve ut på ny fleire gonger og vart ommastra i 2017 som ein del av plateboksen A New Career in a New Town (1977–1982).

Bakgrunn I andre halvdel av 1976 flytta David Bowie til Sveits med kona Angela for å kome seg bort frå dopkulturen i Los Angeles. Han drog så til Château d'Hérouville i Hérouville i Frankrike med venen og songaren Iggy Pop, der dei to spelte inn det første studioalbumet hans, The Idiot sommaren 1976. Etter å ha møtt musikaren Brian Eno same året, byrja Bowie, produsenten Tony Visconti og Eno arbeidet på Low, som var den første plata i det som kom til å bli kjend som Berlintrilogien. Innspelinga for Low tok til i september 1976 og heldt fram ut november, og enda opp i Hansa Studios i Vest-Berlin, etter at Bowie og Pop flytta der.

RCA Records utsette utgjevinga av Low i tre månadar, fordi dei frykta dårlege salstal. Då det omsider kom ut i januar 1977 vart det ikkje marknadsført i særleg grad av verken RCA eller BOwie sjølv, som meinte det var hans «minst kommersielle» album til då, og Bowie valde i staden å turnere med Pop som klaverspelar. Turneen marknadsførte The Idiot, og varte frå mars til april 1977. Då turneen var over, drog Bowie og Pop attende til Hansa Tonstudio 2, der dei spelte inn det neste soloalbumet til Pop, Lust for Life i løpet av to og ei halv veke, frå mai til juni 1977. Då Lust for Life var ferdig, var Bowie klar til å byrje arbeidet på sitt neste album. I midten av juni reiste han til Paris for å gjere den første marknadsføringsjobben sin på over eit år. Han filma ein musikkvideo for Low-singelen «Be My Wife», og filma så to intervju med franske journalistar ei veke seinare. Etter dette kontakta Bowie Eno for å diskutere det neste samarbeidet deira. Dei to brukte eit par veker på å kome opp med konsept og idear for det nye albumet, før dei fekk med seg Visconti, som var oppteken med andre oppgåver.

Innspeling Bowie, Visconti og Eno møttest i Hansa Studio 2 i Vest-Berlin. Sjølv om albumet var den andre plata i Berlintrilogien, er dette det einaste som vart fullstendig spelt inn i Berlin. Studioet var ein tidlegare konserthall omgjort til eit platestudio, og hadde vore nytta av Gestapo-offiserar under andre verdskrigen som ballsal. Studioet låg kring 500 meter frå Berlinmuren, og Bowie kalla det «the hall by the wall». Visconti fortalte korleis plasseringa av studioet påverka den kreative prosessen: «Kvar ettermiddag sat eg ved ein pult og såg tre russiske vakter som såg på oss med kikkertar, med maskingevær på skuldra, og piggtråd, og eg visste at det var miner lagt i muren, og den atmosfæren var så provoserande og så stimulerande og så skremmande at bandet spelte med så mykje energi». Gitaristen Carlos Alomar sa til biografen David Buckley: «Desse tinga [tyskarar, nazistar, muren, undertrykking] heng i lufta, og når ting vert mørkare fysisk, tenker du òg på mørkare tema. Berlin var ein heller mørk, industriell stad å arbeide.» Trass i den mørke atmosfæren, syntest Visconti det var ei særskild spanande tid å skape albumet på og sa «Det var ein av dei siste store eventyra mine å lage dei albuma.»

mini|upright=0.9|Gitaristen Robert Fripp (avbilda 2007) hadde stor innverknad på songane på “Heroes”. Det meste av albumet vart spelt inn med dei same musikarane som spelte på Low, med Alomar, George Murray og Dennis Davis som kjernen i bandet. Bowie spelte piano og hadde fått langt meir erfaring på instrumentet i perioden då han spelte med Pop. Ny i besetninga var gitaristen Robert Fripp, tidlegare i bandet King Crimson, som vart henta inn etter forslag frå Eno. Gitaristen hugsa: «Eg fekk ein telefon [frå Brian Eno] då eg budde i New York i juli 1977. Han sa at han og David spelte inn musikk i Berlin og sette meg over. David sa, 'Skulle du vere interessert i å spele noko hårete rock and roll-gitar?' Eg sa, 'Vel, eg har eigentleg ikkje spelt på tre år - men om du er klar til å ta sjansen, så skal eg ta sjansen òg.' Kort tid etter kom ein førsteklasses billett på Lufthansa.» Då han kom i studio sette Fripp seg ned og spelte inn sologitaren for spor han aldri hadde høyrt før. Han fekk òg få råd frå Bowie, som enno ikkje hadde skrive tekstar eller melodiar. Fripp spelte alle gitarpartane sine i løpet av tre dagar. Spelinga til Fripp fekk mykje ros frå Visconti og Eno, som var imponert over korleis Fripp kunne spele for songar han ikkje hadde høyrt før med slik «virtuositet». I følgje biografen Nicholas Pegg, var ikkje Fripp førstevalet til Bowie. Michael Rother frå det tyske bandet Neu! hadde først blitt spurt om å bidra, men kort tid før innspelinga byrja, vart han kontakta av ein ukjend person og informerte at Bowie hadde ombestemt seg, men seinare intervju med Bowie indikerer at dette ikkje hadde skjedd.

Då Visconti hadde produsert andre Bowie-plater, fann han ut at nye idear kom flytande heile tida, og på grunn av dette vart nokre av dei stundom gløymde. For å unngå dette let han eit to-spors lydband gå heile tida. Murray sa: «Tony hadde innsikt til å sjå kva som skjedde på øvingane, så han berre slo på lydbandet og let det gå.» Visconti sjølv sa seinare: «Det vart nyttig mange gonger...fordi me gjekk oss vill. Me byrja med ein idé og gjekk så i feil retning, og etter ein time kunne me sei 'Korleis starta dette igjen?'» Under innspelinga for Low vart Visconti frustrert over at det ikkje var nok folk som arbeidde i studioet i Château d'Hérouville. I hadde han derimot ein fast lydteknikar som assistent, Eduard Meyer, som Visconti hugsa var viktig for å halde på den positive stemninga. På same måte var stemninga under “Heroes” lysare og meir opitimistisk enn innspelingane for Low. Særskild Bowie hadde betre helse. Han og Visconti reiste ofte rundt i Berlin og møtte slik Antonia Maass, ein lokal jazzsongar, som kom til å syngje korvokal på “Heroes”.

I følgje biografen Thomas Jerome Seabrook byrja innspelingsprosessen for “Heroes” i eit særs raskt tempo, og følgde den same prosessen som for Low, der grunnspora for side ein vart gjort ferdig på berre to dagar. På same måte som på Low, køyrde Visconti trommene til Davis gjennom hans Eventide H910 Harmonizer, og gav det Seabrook kalla ein «særeigen, høgteknologisk glans». Davis la òg til conga trommer og pauker for å utnytte det store studiorommet. Visconti gav Davis mykje ros og kalla han «ein av dei beste trommeslagarane eg nokon gong har arbeidd med,» og kalla i tillegg Alomar og Murray «fantastiske musikarar...du kunne berre kaste eit par akkordar til dei og dei sprang av garde med det.» I eit intervju med NME seinare på året, sa Eno at den første fasen av innspelinga vart «gjort på ein særs avslappande måte.» Bowie gav «særs korte instruksjonar», så byrja bandet å spele. Eno var først nølande, men fann prosessen overraskande effektiv, og dei fleste spora vart gjort på eitt forsøk. Eno sa «Med gjorde opptak nummer to, men dei var ikkje like bra.» Totalt sett hadde Eno ei mykje større rolle på “Heroes” enn han hadde hatt for Low, og var medlåtskrivar på fire av ti songar, noko Seabrook kalla eit «sannare» samaberid. Eno sjølv sa «Me arbeidde begge på alle stykka heile tida.» Eno fungerte som «assisterande direktør» for Bowie, og gav tilbakemeldingar til musikarane og føreslo nye - og uvanlege - måtar å tilnærma seg spora på. Ein av desse måtane var å nytte Oblique Strategies-korta som Eno hadde laga. I følgje O'Leary var desse korta «dels-spåkaker, dels-sjansekort frå Monopol», meint å skape kreative idear. Sjølv om desse korta vart mykje nytta under Lodger innspelingane, nytta Eno og Bowie dei berre på “Heroes” då dei skapte instrumentalane, inkludert på «V-2 Schneider», «Sense of Doubt» og «Moss Garden».

Etter dei første innspelingane i juli, vart innspelingane for “Heroes” meir sporadisk, med ekstra lydspor, vokal og miksing som varte fram til august. Som føregangaren, vart ikkje teksten skriven eller spelt inn før alle utanom Bowie og Visconti hadde reist der frå. Seabrook skildra dette stadiet av innspelinga som «sporadiske inspirasjonsutbrot innimellom lengre periodar med ettertanke.» Då Bowie laga The Idiot og Lust for Life med Iggy Pop, vart han fascinert over korleis Pop kunne improvisere tekstar medan han stod føre mikrofonen. For “Heroes” valde han å gjere det same. Visconti sa seinare: «Han hadde aldri peiling om kva han skulle syngje før han han omtrent gjekk fram til mikrofonen.» Bowie gjorde som regel ferdig vokalen på berre eitt eller to forsøk. Visconti song korvokal på same vis. Dei endelege miksane vart gjort i Mountain Studios i Montreux i Sveits, eit studio Bowie kom til å nytte mykje frametter. Ein lydteknikar ved Mountain, Dave Richards, vart òg ein av dei faste samarbeidspartnarane hans. Assistenten til Richards var Eugene Chaplin, sonen til stumfilmstjerna Charlie Chaplin.

Musikk og tekst Som den andre plata i Berlintrilogien, fortsette “Heroes” musikken frå føregangaren Low. Consequence of Sound skildra songane som kunstrock og eksperimentell rock, men fortsette òg arbeidet til Bowie innan elektronisk og ambient musikk. Som føregangaren la songane på “Heroes” vekt på tone og atmosfære heller enn gitarbasert rock. Songane er blitt skildra som meir positive både i tone og atmosfære enn songane på Low. Visconti skildra albumet som «ei særs positiv utgåve av Low.» Biografen Paul Trynka skreiv at plata framkallar «både fortida og framtida.» Det følgjer òg same strukturen som føregangaren, med ei side med meir konvensjonelle spor, og side to med hovudsakleg instrumentalar.