Arresø er den største innsjøen i Danmark, og ligg på Sjælland like nord for Ølsted og aust for Frederiksværk. Innsjøen har eit areal på 39,87 km² og via Arresø kanal renn vatnet ut i Roskilde fjord. Kanalen vart påbyrja i 1717 etter ordre frå dei kongelege, og arbeidet vart utført av danske soldatar og svenske krigsfangar.

Det er fleire småelvar som munnar ut i Arresø, og Pøleå er den viktigaste. På vestsida av innsjøen er det fleire åsryggar. Mellom desse finn ein Maglehøj i Frederiksværk og Arrenakke, som gjev eit flott utsyn over innsjeøn. Aust for Fre­deriksværk ligg neset Arrenæs.

Tidlegare var innsjøen ein fjord som var forbunde med Kattegat, men landområdet i nordvest heva seg etter den siste istida, slik at vatnet vart igjen i innsjøen.

Innsjøen har eit rikt fugle- og planteliv. Fleire dyrerereservat er oppretta rundt innsjøen.

Kjelder

Arresø Detaljerte opplysningar om Arresø på Naturstyrelsens internettsider.

Denne artikkelen bygger på «Arresø» frå , den 27. mars 2007.

Kategori:Innsjøar i Danmark Kategori:Gribskov kommune Kategori:Halsnæs kommune Kategori:Hillerød kommune