mini|Sund i Danmark og den sørlege Austersjøen mini|Lillebælt ved skumring
Lillebælt er sundet mellom Fyn og Jylland, ei ferdselsåre mellom Kattegat i jord og Austersjøen. Sundet er på det meste ca. 80 meter djupt, og såleis djupare enn Storebælt. Mellom anna grunna djupna føregår om lag 10% av vassutskiftinga mellom innhavet Austersjøen og Kattegat gjennom Lillebælt. Lillebælt har med sine store djupner og si sentrale plassering vore ein handelsveg for skip i mange hundreår. Det er eit ettertrakta dykkarområde på grunn av dei store, klare djupa, samt arkeologiske funn og skipsvrak frå mellom anna andre verdskrigen.http://www.byportalen.dk/page.asp?objectid=1585&zcs=350 byportalen.dk Lesen 01-12-2009
Geologi Lillebæltsområdet er skapt av fleire randmorener. Av desse vart den første danna under den gammalbaltiske istida for ca. 22–25 000 år sidan. Eit par tusen år seinare trengte Nordaustisen fram frå aust og påverka området.http://www.skovognatur.dk/NR/rdonlyres/35745C03-6AA6-4F80-B6CC-D713AFAA2E67/9699/1_3.pdf Skov- Naturstyrelsens nettside. Henta 05-04-2009. For ca. 14–15 000 år sidan kom den ungbaltiske isen til området frå sør og søraust, og ein del av denne isen vart til Lillebæltbreen, som forma området til kupert terreng med store bakkar og tilhøyrande djupe fjordar. Området grensar opp mot det morenelandskapet som vart skapt under den siste istida, Weichsel, av randmorener. Dei djupe tunneldalane er danna av smeltevatnet. Hovudstillstandslinja som var avleira av Nordaustisen, er den eldste i området. Enno yngre israndavsetningar finst i området. Jordbotnen består i hovudsak av moreneleire frå den siste istida, Weichsel. Etter istida, ca. 9000 f.Kr. og dei neste ca. 7 000 åra framover, steig temperaturen og området vart prega av globale, klimatiske endringar og meir lokale geologiske tilhøve i Holocentida.
Geografi Lillebælt strekker seg frå Juelsminde i nord til Als i sør i vekslande breidd. Det nordlegaste og opnaste stykket er over 15 km breitt og snevrar seg inn mot sørvest til det smalaste stykket mellom Fyn og Jylland som er ca. 1 km breitt. Staden heiter Snævringen; her er Lillebæltsbrua frå 1935 plassert. Sør for Fænø vert sundet breiare og breiare og munnar ut i eit ca. 10 km breitt stykke som held fram sørover til Als og det såkalla sørfynske øyhavet. Den vestlege kyststrekninga av sundet er mest prega av vikar og bukter, og langs heile sundet er mange steile kystskrentar.
Naturen mini|Nise Lillebælt er eit verna våtområde, viktig for fuglar og underlagt Ramsar-konvensjonen.http://www.blst.dk/Natura2000plan/Natura2000omraader/Ramsar/ By- og Landskabsstyrelsens nettside. Henta 30-11-2009. Utpeikinga av Lillebælt til eit ramsarområde skjedde for å sikre betre vilkår for ynglande og trekkande fuglar, artar som songsvane, havørn, sivhauk, åkerrikse, avosett, brushane, jordugle, makrellterne, raudnebbterne, dvergterne, bergand, ærfugl, kvinand og siland.http://www.blst.dk/Natura2000plan/Natura2000omraader/Fuglebeskyttelse/Udpegningsgrundlag/Liste_30_59.htm#47 Miljøministeriets nettside. Oversigt over beskyttede arter. Henta 30-11-2009.
Sundet er heimstad for fleire tusen niser,http://www.tvsyd.dk/lilleb%C3%A6lt-har-3000-hvaler TV-Syds hjemmeside. Henta 01-12-2009. den einaste kvalen med fast tilhald i danske farvatn. Dei store djupnene dreg til seg fiskeslag som torsk, sild og sjøaure, og Lillebælt er eit mål for fritidsfiskarar.
Infrastruktur mini|Lillebæltsbrua (1970) mini|Lillebæltsbrua (1935) Mange ulike ferjesamband har gjennom åra trafikkert Lillebælt, her kan ein nemne Snoghøj-Middelfart, som vart avløyst av Fredericia-Strib, der Danmarks fyrste jernbaneferje vart sett inn i 1872http://www.denstoredanske.dk/Danmarks_geografi_og_historie/Danmarks_geografi/Indre_danske_farvande/Lilleb%C3%A6lt Den Store Danske's hjemmeside. Henta 1. desember 2009. Denne overfarten vart lagt ned etter den fyrste Lillebæltsbrua blei innvia i 1935. I dag går all trafikk over beltet over to bruer: landevegen og togtrafikken går over Lillebæltsbrua frå 1935, medan motorvegen E20 går over Lillebæltsbrua frå 1970.
Sjå òg Storebælt Øresund
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Sund i Danmark Kategori:Austersjøen Kategori:Ramsarstader i Danmark