Kolding er ein hamneby og tidlegare kjøpstad i den sørlege delen av Jylland i Danmark. Byen ligg ved Koldingfjorden. Han er òg senteret i Kolding kommune i Region Syddanmark. Byen er eit transport-, handels- og industrisenter, hovudsakleg retta mot skipsbygging. Andre viktig næringar er produksjon av maskineri og tekstilar, i tillegg til buskapseksport.
Med eit folketal på (2013)Danmarks Statistik: Tabel BEF44. (Vitja 10. februar 2014) innbyggjarar er byen den sjuande største i Danmark.
I Kolding ligg det tidlegare kongelege slottet Koldinghus. Dette vart bygd på 1200-talet, og er i dag eit museum. Visse delar av slottet, som kapellet og spisesalen, vert stundom brukt til statlege seremoniar. Det var den kongelege residensen på Jylland.Koldinghus' historie frå Museet på Koldinghus (Vitja 10. februar 2014)
St. Nicolai kyrkja av stein er ei av dei eldste kyrkjene i Danmark, bygd på 1200-talet. Andre populære turistattraksjonar er Trapholt kunstmuseum og Geografisk Have. Trapholt inneheld samlingar av dansk kunst frå 1900, og eit mindre utval av utanlandske utstillingar.
Kjelder
Kategori:Byar i Region Syddanmark Kategori:Kolding kommune