Peipus (estisk Peipsi järv, russisk Чудское озеро, Tsjudskoje ozero) er ein stor innsjø på grensa mellom Estland og Russland.Lake Peipus. Encyclopædia Britannica online

Peipus er den fjerde største innsjøen i Europa, med eit areal på 3 555 km². Berre Ladoga, Onega og Vänern er større i Europa. mini|venstre|Satellittbilete av Peipus

Sjøen har tre delar: Ein større del, kjend under namnet Peipus, ein mindre del, Pihkva/Pskov, og eit sund mellom desse, Lämmi/Tjoploje.

Peipus er ein grunn innsjø, med største djupn på 15 meter og ei middeldjupn på 7 meter. Sjøbotnen er for det meste gråfarga mudder, men er sandete i sør.

Fiskelivet i sjøen er rikt, men sjøen er ureina etter utslepp i Sovjet-tida.

Elva Emajõgi munnar ut i Peipus frå Võrtsjärv i vest. I nord renn Narvaelva ut av Peipus og til havet i Finskebukta.

Sjøen er frosen rundt seks månader i året. I 1242 var den islagde innsjøen åstad for Slaget ved Peipus (kjend i Russland som «slaget på isen») mellom Den tyske riddarordenen og folk frå Novgorod under Aleksandr Nevskij.

Kjelder

Bakgrunnsstoff livinglakes.com om Peipus og Võrtsjärv Peipsi Infokeskus Estisk nettside med turistinformasjon

Kategori:Innsjøar i Estland Kategori:Innsjøar i Russland